Statsbudsjettet 2008
Nær 11 milliardar kroner til kollektivtransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 95/07 | Dato: 05.10.2007
Regjeringa går inn for at det over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2008 skal nyttas i alt 10,2 milliardar kroner til tiltak for kollektivtrafikken. I tillegg kjem 710 millionar kroner frå innkrevjing av bompengar. Dei samla kollektivmidlane på over 10,9 milliardar kroner er 460 millionar kroner eller 4,4 prosent meir enn for 2007.
Regjeringa går inn for at det over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2008 skal nyttas i alt 10,2 milliardar kroner til tiltak for kollektivtrafikken. I tillegg kjem 710 millionar kroner frå innkrevjing av bompengar. Dei samla kollektivmidlane på over 10,9 milliardar kroner er 460 millionar kroner eller 4,4 prosent meir enn for 2007.
- Eit godt kollektivtilbod er viktig for å sikre folk mobilitet og framkomst over heile landet. Kollektivtransporten er også med på å redusere miljøutfordringar som klimagassutslepp, lokal luftforureining og støy, noko regjeringa prioriterar høgt. Regjeringa sitt forslag vidarefører den historisk sterke satsinga på jernbane, og aukar samstundes dei statlege løyvingane til kollektivtiltak over vegbudsjettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Midlane er fordelte slik:
- 1, 6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog
- 5,8 milliardar kroner til investeringar, drift og vedlikehald på jernbanenettet
- 900 millionar kroner til kollektivtiltak finansiert ved bruk av ”vegmidlar”, fordelt med løyvingar på 190 millionar kroner over budsjettet for riksveginvesteringar og 710 millionar kroner i bompengar
- 234 millionar kroner som særskilt tilskott til kollektivtransport - fordelt med 162 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”, 20 millionar kroner til demonstrasjonsprosjekt for betre kollektivtransport i distrikta, og 52 millionar kroner i tilskott til kommunar og fylkeskommunar til tiltak for å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg
- 1,5 milliardar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
- 288 millionar kroner til statleg kjøp av sjøtransporttenester Bergen – Kirkenes
- 501 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutetenester på strekningar der drifta ikkje er bedriftsøkonomisk lønsam
I tillegg til desse statlege midlane og bompengemidlane, kjem fylkeskommunale midlar til lokal kollektivtransport, medrekna løyvingar til skule- og studentrabatt.
I 2006 løyvde fylkeskommunane og Oslo kommune meir enn 5,5 milliardar kroner til bilruter, fylkesvegferjer, båtruter, transport for funksjonshemma og sporvegs- og forstadsbaner. I Oslo kommune vart det løyvd meir enn ein milliard kroner til kollektivtransporten i 2006.
Sterk satsing på jernbanen
Regjeringa vil oppretthalde den rekordsterke satsinga på jernbanen frå 2007-budsjettet. Forslaget om å nytte 5,8 milliardar kroner på jernbaneinfrastrukturen inneber ein auke på om lag 6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2007. 2,3 milliardar kroner er sett av til investeringar i linja.
I sitt forslag prioriterer regjeringa investeringar i jernbanenettet rundt dei store byane, InterCity-triangelet og hovudstrekningane. Framdrifta på utbygginga i Vestkorridoren på Drammensbana vil halde fram, og utbygginga av dobbeltspor på strekninga Sandnes - Stavanger vert også ført vidare.
I tråd med Soria Moria-erklæringa vil regjeringa fjerne grunnavgifta på fyringsolje til skinnegåande transport frå 2008. Den tilsvarande el-avgifta vart fjerna i 2007.
Tiltak for kollektivtransporten: 900 millionar kroner frå ”vegmidlar”
Regjeringa vil nytte 900 millionar kroner i ”vegmidlar” til tiltak for kollektivtransport i 2008. Av dette er 190 millionar kroner statlege løyvingar, medan 710 millionar kroner kjem frå innkrevjing av bompengar. Auken i dei statlege løyvingane er 12 prosent frå 2007-budsjettet.
Størst er satsinga på kollektivtrafikk på veg i Oslo, Akershus og Bergen, med opprusting av Kolsåsbana i Oslo og Akershus og bygging av Bybanen i Bergen. Det er også planlagt midlar som skal gi betre framkomst for kollektivtransport i fleire byområde.
Den sterke veksten i vegtrafikken gir utfordringar for kollektivtrafikken, og regjeringa vil føre vidare arbeidet med ein meir effektiv verkemiddelbruk som kan dempe denne auken. Dette arbeidet skal skje i samarbeid med lokale styresmakter, samstundes som kollektivtilbodet vert utvikla.
Belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda
Regjeringa vil løyve 161,7 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”, og ønskjer å invitere Drammen, Skien/Porsgrunnsområdet og Fredrikstad/Sarpsborgområdet til å søkje om midlar, i tillegg til byområda som alt er med: Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø.
Ved tildelinga av midlar vil det bli lagt stor vekt på korleis kollektivtransporten og bruken av personbil har utvikla seg dei siste åra. Det kan bli aktuelt å konsentrere midlane til færre byer enn i dag.
Kollektivtransporten i distrikta
Regjeringa arbeider for å styrkje kollektivtransporten også i distrikta. I samarbeid med fylkeskommunane, som er ansvarlege for lokal kollektivtransport, er det utarbeidd ein rettleiar for utforming av kollektivtilbodet i distrikta og lagt opp til ulike demonstrasjonsprosjekt, som skal vise korleis tilbodet kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel.
I 2007 fremja 14 fylkeskommunar forslag om til saman 39 prosjekt. 16 av desse har fått støtte, innanfor ei ramme på 8 millionar kroner. For 2008 foreslår regjeringa å nytte 20 millionar kroner til slike demonstrasjonsprosjekt.
Kollektivtransport for alle – universell utforming
Prinsippet om universell utforming er ein integrert del av arbeidet til Samferdselsdepartementet og dei statlege etatane og verksemdene innan transport. Ei viktig satsing er tilskottsordninga til kommunale og fylkeskommunale tiltak for betre tilgjenge. Regjeringa vil nytte 52,1 millionar kroner til ordninga for 2008. Eigendelen frå kommunen eller fylkeskommunen skal vere minst 25 prosent, og effektive løysingar på strekningar og knutepunkt med mykje trafikk vert prioritert.
Regjeringa vil i tillegg setje av 100 millionar kroner over jernbanebudsjettet til tiltak på stasjonar og knutepunkt i 2008. Også Statens vegvesen og Avinor vil nytte vesentlege midlar over sine budsjett til å gjere kollektivtransport meir tilgjengeleg for alle.