Revidert nasjonalbudsjett 2007:
Tilleggsløyvingar på 55 millionar kroner til kollektivtransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 42/07 | Dato: 15.05.2007
- Regjeringa vil styrkje kollektivtransporten både i distrikta og i byane. Over statsbudsjettet for år er det difor gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 55 millionar kroner over budsjettposten for ”Særskilte tilskott til transporttiltak”, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Regjeringa vil styrkje kollektivtransporten både i distrikta og i byane. Over statsbudsjettet for år er det difor gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 55 millionar kroner over budsjettposten for ”Særskilte tilskott til transporttiltak”, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Denne auken gir mellom anna rom for å setje av åtte millionar kroner som skal nyttast til ei ny prøveordning med sikte på å styrkje kollektivtransporten i distrikta.
- Her er det ofte eit dårleg grunnlag for eit omfattande rutegåande kollektivtilbod, og ein må difor få til smarte og fleksible løysingar som kjem i tillegg til eller i staden for vanlege rutetilbod, seier samferdselsministeren.
Styrkjer belønningsordninga
Tilleggsløyvinga over 2007-budsjettet gir rom for ei satsing på 47 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”. - Dei samla løyvinga til denne ordninga blir dermed i år på vel 154 millionar kroner. Betre kollektivtilbod i byane er viktig, som miljøtiltak og for å redusere bilbruken, noko som gir betre framkomst på vegane, seier samferdselsministeren.
Prøveprosjekt for betre kollektivtransport i distrikta
- Som eit nytt tiltak for å styrkje kollektivtransporten i distrikta har Samferdselsdepartementet samanfatta erfaringane i fylkeskommunane når det gjeld kollektivtilbodet i distrikta. På grunnlag av denne kartlegginga vert det utarbeidd ei rettleiing for planlegging og gjennomføring av tiltak som kan betre tilbodet. Rettleiinga vert presentert i juni i år. Samferdselsdepartementet går dessutan inn for at det skal setjast i gang prosjekt der ein prøver ut ulike modellar for å organisere kollektivtransporten i distrikta. Prosjekta skal gjennomførast i samarbeid med fylkeskommunane, og dei skal vare i tre år. For 2007 har regjeringa gjort framlegg om å løyve åtte millionar kroner til prøveprosjekt for betre kollektivtransport i distrikta, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
For fleire opplysingar, sjå:
St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007