Kvinnherad: Ny ferjekai på Årsnes – og utbetring av riksveg 551
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 105/08 | Dato: 03.10.2008
- Utbygginga vil gje folk og næringsliv i Kvinnherad eit betre transportilbod over Hardangerfjorden og vidare mot Bergensområdet. Dette prosjektet er elles viktig både for lokaltrafikk og for langdistansetrafikk til og frå Sørlandet og Austlandet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av riksveg 551 i Kvinnherad kommune i Hordaland.
- Arbeidet med bygging av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av vegen mellom Årsnes og Løfallstrand kan ta til våren 2009, og heile prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2010. Utbygginga vil gje folk og næringsliv i Kvinnherad eit betre transportilbod over Hardangerfjorden og vidare mot Bergensområdet. Dette prosjektet er elles viktig både for lokaltrafikk og for langdistansetrafikk til og frå Sørlandet og Austlandet.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av den om lag fire kilometer lange strekninga Løfallstrand – Årsnes på riksveg 551 i Kvinnherad kommune i Hordaland.
Den nye ferjekaia på Årsnes skal erstatte den noverande ferjekaia på Løfallstrand i sambanda til Gjermundshamn og Varaldsøy. Ferjekaia på Løfallstrand er gammal og nedsliten. Kaia er kort og djupneforholda ved kaia gjer at ein ikkje kan setje inn større ferjer enn dei som trafikkerer i dag. Ved å flytte ferjekaia frå Løfallstrand til Årsnes vil seglingstida over Hardangerfjorden bli redusert frå om lag 25 minutt til om lag 20 minutt. Dette gjeld både for sambandet til Gjermundshamn og sambandet til Varaldsøy.
Reisetida mellom Odda og Bergen vil samla bli redusert med omkring 10 minutt, sidan køyretida også blir kortare frå Odda til den nye ferjekaia. For trafikk frå områda sør for Løfallstrand vil køyretida til den nye ferjekaia auke, men summen av køyretid og seglingstid blir om lag som før.
Dei samla kostnadene for prosjektet er rekna til 80 millionar kroner, fordelt med 60 millionar kroner til bygging av ny ferjekai på Årsnes og 20 millionar kroner til vegutbetringane.
I tråd med tidlegare vedtak i Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune er det lagt opp til at kostnadane skal dekkjast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege løyvingar. Bompengane vil komme frå auka takstar i ferjesambanda. Delar av finansieringa er basert på utsett statleg tilbakebetaling av tidlegare forskotterte midlar frå Kvinnherad kommune.
For fleire opplysingar og kartskisse – sjå: