Statsbudsjettet 2009:
1,6 milliardar kroner meir til veg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 108/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår å løyve 17 milliardar kroner til vegføremål. Dette er vel 1,6 milliardar kroner eller 10,4 prosent meir enn saldert budsjett for 2008.
Regjeringa foreslår å løyve 17 milliardar kroner til vegføremål. Dette er vel 1,6 milliardar kroner eller 10,4 prosent meir enn saldert budsjett for 2008.
- For ein som er opptatt av å ta heile landet i bruk er det fantastisk å få leggje fram eit budsjett som både inneber ein monaleg auke i bygginga av nye veganlegg og ei styrking av vedlikehaldet på dei vegane vi alt har, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Det er flott å vere samferdselsminister i ei regjering som meir enn oppfyller dei økonomiske rammene Stortinget har vedteke for Nasjonal transportplan. På vegområdet ligg løyvingane i 2009 heile 1,2 milliardar kroner over det nivået Stortinget har fastsett, Med ein så stor vekst i budsjettet kan vi starte alle dei viktige vegprosjekta som ligg inne i transportplanen sitt handlingsprogram, der lokale planar og endelege finansieringsløysingar er på plass, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I tillegg til løyvingar på 17,04 milliardar over statsbudsjettet er det lagt til grunn at bompengeselskapa vil stille til disposisjon om lag 5,7 milliardar kroner til investeringstiltak, fordelt med 3,5 milliardar kroner til utbygging av vegnettet og 2,2 milliardar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken. Det er dessutan lagt til grunn at 290 millionar kroner i bompengar frå Oslopakke 3 skal nyttast til driftstiltak for kollektivtransporten i Oslo og Akershus.
Den foreslåtte løyvinga på 17035,7 millionar kroner over statsbudsjettet for 2009 er fordelt slik:
• 7749,5 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
• 7130,1 millionar kroner til investeringar. Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring, forsøksordningar og vegutbygging i Bjørvika i Oslo
• 1776,0 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
• 380,1 millionar kroner til ”Vederlag til OPS-prosjekt” (utbygging etter modellen ”offentleg-privat samarbeid”)
Trafikktilsyn, drift og vedlikehald – 7,75 milliardar kroner
Av den føreslåtte løyvinga av statlege midlar til vegføremål er 7,75 milliardar kroner sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på 688 millionar kroner eller 9,7 prosent, og fører mellom anna til at det neste år kan bli lagt om lag 1500 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Tiltak som har verknad for trafikktryggleiken vil bli særleg prioritert, dette gjeld mellom anna vinterdrifta og tiltak retta mot delar av vegnettet som er særleg utsett for ulukker. Innsats som omfattar føraropplæring og køyretøytilsyn vil også bli prioritert.
Statlege løyvingar til veginvesteringar – 7,13 milliardar kroner
I alt 7,13 milliardar kroner er foreslått til veginvesteringar, medrekna ordinære riksveginvesteringar, rassikring og statlege midlar til delvis finansiering av utbygging av E18 Bjørvikatunnelen i Oslo. Dette er ein auke på 599 millionar kroner eller 9,2 prosent frå 2008.
Med budsjettforslaget for 2009 vil ein ha starta alle større investeringsprosjekt som var planlagt starta i handlingsprogrammet til Statens vegvesen for 2006-2009, med unntak av prosjekt der det manglar planavklaring eller endeleg finansieringsopplegg.
Dei statlege midlane til ”ordinære riksvegveginvesteringar” og ”forsøk” er fordelte slik:
• 3271,6 millionar kroner til utbygging på stamvegnettet.
• 2375,0 millionar kroner til fylkesfordelt ramme. Dette er midlar som skal nyttast til utbygging av såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Midlane blir løyvde over budsjettpostar for både ordinære riksveginvesteringar og budsjettpost for ”forsøksordningar”.
• I tillegg er det sett av i alt 812,0 millionar kroner til ”ikkje rute-/fylkesfordelte tiltak”. Desse midlane skal mellom anna nyttast til oppgradering av eksisterande tunnelar, tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar” og tiltak som gjeld forsking og utvikling.
Anleggsstart for 14 vegprosjekt
På stamvegnettet er det i 2009 lagt opp til anleggstart på desse seks større vegprosjekta, med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
• E6 Øyer – Tretten, Øyer kommune, Oppland
• E39 Vigeland – Osestad i Lindesnes kommune, i Vest-Agder
• E39 Vågsbotn - Hylkje i Bergen kommune, Hordaland
• E39 Torvund – Teigen, Høyanger kommune, Sogn og Fjordane
• Riksveg 70 Brunneset – Øygarden, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal (finansiert til dels ved bompengar)
• E6 Majavatn, Grane kommune i Nordland
På ”øvrige” riksvegar, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det lagt opp til anleggstart på desse åtte større prosjekta, med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
• Rv 47 T-forbindelsen, Haugesund, Karmøy og Tysvær kommunar i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
• Rv 510 Solasplitten, Sola kommune i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til revidert opplegg for Nord-Jærenpakken)
• Rv 609 Dalsfjordsambandet, Askvoll og Fjaler kommunar i Sogn og Fjordane
• Rv 616 Bremangersambandet (Langesjø – Kolset), Bremanger kommune i Sogn og Fjordane
• Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal
• Rv 717 Sund – Bradden, Rissa kommune i Sør-Trøndelag
• Rv 78 Toventunnelen med tilknytingar, Vefsn og Leirfjord kommunar i Nordland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
• Rv 858 Ryaforbindelsen, Tromsø kommune i Troms (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering).
I tillegg blir det i 2009 anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og på resten av riksvegnettet.
Særskilte tiltak for trafikksikring: 1,03 milliardar kroner - ei dobling av statlege midlar
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet skal det i 2009 nyttast 1,03 milliardar kroner medrekna 100 millionar kroner i bompengar. Den statlege innsatsen på om lag 930 millionar kroner er om lag ei dobling, samanlikna med 2008. Tiltaka omfattar mellom anna bygging av midtrekkverk, veglys, utbetring av kurvar og kryss. I 2009 vil det bli etablert midtrekkverk på i alt 15 kilometer på riksvegnettet, medan det vil bli sett i gang arbeid med bygging av til saman nær 15 kilometer med midtrekkverk.
Det vil neste år bli ferdig i alt 21 større nye vegstrekningar som skal opnast for trafikk. Desse nye vegstrekningane omfattar mellom anna 69 kilometer med firefelts vegar, med fysisk skilje mellom køyreretningane. I tillegg til dette blir det i 2009 ferdig 15 kilometer midtrekkverk og sett i gang bygging av nær 15 kilometer midtrekkverk på eksisterande vegnett. Tiltaka til saman vil føre til at det på nye 100 kilometer veg blir fysisk skilje mellom køyreretningane.
I tillegg til desse særskilde tiltaka kjem den trafikksikringsgevinsten ein får ved bygging av andre nye vegar, gang- og sykkelvegar.
Løyvingar til vegvedlikehald, rassikring, kontroll av køyretøy og trafikk og ulike tiltak som gjeld opplæring og informasjon er også med på å styrkje innsatsen for enda tryggare vegtrafikk.
Gang- og sykkelvegar
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veger er det lagt til grunn at det i 2009 skal brukast 500 millionar kroner, fordelt med 400 millionar kroner i statlege midlar og 100 millionar kroner i bompengar. Dette er ein auke på om lag 70 millionar kroner i statlege midlar. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.
Rassikring
Regjeringa går inn for at det neste år skal nyttast om lag 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 130 millionar kroner eller 25 prosent frå 2008. Av det samla beløpet til rassikring er nærmare 150 millionar kroner bompengar, medan 500 millionar kroner er samla statlege midlar, fordelt med om lag 440 millionar kroner over den særlege budsjettposten ”Rassikring” og om lag 60 millionar kroner som dekt ved midlar frå dei ordinære løyvingane til riksveginvesteringar. Auken på posten ”Rassikring” er på 34,5 prosent.
For 2009 er det foreslått å prioritere midlar til arbeid ved elleve større rassikringsprosjekt, alle med eit kostnadsoverslag over 100 millionar kroner.
Nasjonale turistvegar
Innanfor framlegget til veginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner til Nasjonale turistvegar for å dekkje den statlege satsinga på desse prosjekta. I løpet av 2009 skal vegstrekninga Geiranger – Trollstigen i Møre og Romsdal ferdigstillast som Nasjonal turistveg, og Statens vegvesen vil planleggje oppgradering av reiselivsikona Trollstigplatået, Gjende og Vøringsfossen.
Riksvegferjer
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,78 milliardar kroner. Dette er ein auke på nær 230 millionar kroner eller 14,8 prosent. Samferdselsdepartementet legg til grunn ein takstauke på 4,4 prosent frå 1. januar 2009.
Tiltak for kollektivtrafikken: 2,56 milliardar frå ”vegmidlar”
For 2009 er det lagt opp til at det ved hjelp av tilgjengelege ”vegmidlar” skal nyttast 2,56 milliardar kroner til investeringar i infrastrukturen for kollektivtrafikken. Av dette er om lag 250 millionar kroner statlege midlar, noko som er ein auke på 60 millionar kroner. Resten av midlane kjem frå bompengar og tilskott. Bygging av Bybanen i Bergen, opprusting av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus, er dei største prosjekta. Midlane skal elles nyttast til arbeid i fleire byområde for å få større fart og flyt i trafikken for bussar og trikkar. ”Vegmidlar” vil dessutan bli nytta til utbygging av innfartsparkering, oppgradering av kollektivterminalar og haldeplassar og knutepunkt for langrutebussar. I tillegg er det rekna med at 290 millionar kroner i bompengar frå Oslopakke 3 kan nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus.
Riksvegferjetenester: Nær 1,78 milliardar kroner
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,78 milliardar kroner. Dette er ein auke på nær 230 millionar kroner eller 14,8 prosent. Samferdselsdepartementet legg til grunn ein takstauke på 4,4 prosent frå 1. januar 2009.
Riksveginvesteringar – fordelt på stamvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2009 skal nyttast i alt 5 430,6 millionar kroner til investeringar på stamvegnettet, fordelt med 3 271,6 millionar kroner i statlege løyvingar og 1 709 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering. Midlane er fordelte slik – på dei ulike korridorane og strekningane på stamvegnettet:
Korridor/rute | Forslag statsbudsjett 2009 (mill. kr) | Bompengemidlar og anna ekstern finansiering i 2009 (mill. kr.) |
1. E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo | 340,0 | 99 |
2. E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo | 320 | 110 |
Rv 2 Riksgrensa/Magnor - Kløfta | 18,2 | 11 |
Rv 35 Jessheim - Hønefodd - Hokksund | 5,0 | |
3. E18 Oslo - Kristiansand | 303,0 | 379 |
Rv 23 Lier - Drøbak - vassum | 34,2 | |
Rv 150 Ulvensplitten - Tjernsmyr | 310,0 | 120 |
4. E39 Kristiansand - Bergen | 316,4 | 72 |
E39 Bergen - Ålesund med tilknytningar | 148,9 | 97 |
E39 Ålesund - Trondheim | 123,0 | 77 |
RV 13 Jøsendal - Voss | 16,0 | |
Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend | 12,1 | 6 |
5. E134 Drammen - Haugesund | 106,4 | 39 |
E 16 Sandvika - Bergen | 151,0 | 51 |
Rv 7/52 Hønefoss - Gol - Borlaug | 78,0 | |
Rv 36 Seljord - Eidanger | 5,0 | |
6. E6 Oslo - Trondheim | 587,5 | 502 |
Rv 15 Otta - Måløy | ||
E136 Dombås - Ålesund | 35,5 | |
Rv 3 Kolomonen - Ulsberg | 51,4 | |
Rv 4 Oslo - Mjøsbrua | 25,0 | 11 |
Rv 70 Oppdal - Kristiansund | 6,5 | 15 |
7. E6 Trondheim - Fauske med tilknytningar | 169,5 | 120 |
8. E6Bodø - Nordkjosbotn - ned tilknytningar | 80,0 | |
E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytningar | 29,0 | |
I alt | 3 721,6 | 1 709 |
”Øvrige riksvegar”: Fylkesvis fordeling av investeringar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2009 skal brukast i alt 7 150 millionar kroner til investeringar på det ”øvrige riksvegnettet”, det vil seie riksvegar som ikkje inngår i stamvegnettet. Beløpet omfattar både løyvingar over statsbudsjettet og bompengemidlar og anna ekstern finansiering, og er fordelt slik på dei enkelte fylka:
Forslag statsbudsjett 2009 (mill. kr) | Bompengemidlar 2009 (mill. kr) | |
Østfold | 78,0 | 296 |
Akershus | 213,5 | 546 |
Oslo | 260,0 | 740 |
Hedmark | 53,0 | |
Oppland | 50,0 | 140 |
Buskerud | 169,0 | |
Vestfold | 69,5 | 100 |
Telemark | 100,0 | 5 |
Aust-Agder | 47,0 | |
Vest-Agder | 106,0 | 163 |
Rogaland | 222,0 | 494 |
Hordaland | 318, 0 | 1988 |
Sogn og Fjordane | 116,0 | |
Møre og Romsdal | 152,0 | 161 |
Sør-Trøndelag | 88,0 | |
Nord-Trøndelag | 117,0 | 7 |
Nordland | 96,0 | 60 |
Troms | 72,0 | 75 |
Finnmark | 48,0 | 30 |
I alt | 2 375 | 4 775 |
Til redaksjonen
For fleire opplysningar om investeringar på stamvegnettet, sjå sidene 78-93 i St.prp.nr.1 (2008-2009) Samferdselsdepartementet, i papir- eller pdf-versjon. Opplysningar om investeringar på ”øvrige” riksveger, sjå sidene 96-104.