Statsbudsjettet 2009:
Anleggsstart for 14 større nye vegprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 121/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa sitt framlegg til riksveginvesteringar gir rom for at det i 2009 skal setjast i gang til saman 14 nye større vegprosjekt, fordelt med seks prosjekt på stamvegnettet og åtte prosjekt på andre riksvegar.
Regjeringa sitt framlegg til riksveginvesteringar gir rom for at det i 2009 skal setjast i gang til saman 14 nye større vegprosjekt, fordelt med seks prosjekt på stamvegnettet og åtte prosjekt på andre riksvegar.
I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegnettet og på såkalla ”øvrige riksvegar”.
- Desse nye vegprosjekta gir auka trafikktryggleik og betre framkome for folk og næringsliv, og er difor viktig for utviklinga i distrikta. Regjeringa satsar mykje på kollektivtransport i storbyområda, og saman med oppstart av nye vegprosjekt gir dette eit betre transporttilbod for heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa går inn for å setje i gang desse nye større vegprosjekta i 2009, alle med eit kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
Stamvegnettet:
• E6 Øyer – Tretten, Øyer kommune i Oppland
• E39 Vigeland – Osestad, Lindesnes kommune i Vest-Agder
• E39 Vågsbotn – Hylkje, Bergen kommune i Hordaland
• E39 Torvund – Teigen, Høyanger kommune i Sogn og Fjordane
• Rv 70 Brunneset – Øygarden, Tingvoll kommune i Møre og Romsdal (vedteke delvis bompengefinansiert)
• E6 Majavatn, Grane kommune i Nordland
For såkalla ”øvrig riksvegnett”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det for neste år lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta:
• Rv 47 T-forbindelsen, Haugesund, Karmøy og Tysvær kommunar i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
• Rv 510 Solasplitten, Sola kommune i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til revidert opplegg for Nord-Jærenpakken)
• Rv 609 Dalsfjordsambandet, Askvoll og Fjaler kommunar i Sogn og Fjordane
• Rv 616 Bremangersambandet (Langesjø – Kolset), Bremanger kommune i Sogn og Fjordane
• Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal
• Rv 717 Sund – Bradden, Rissa kommune i Sør-Trøndelag
• Rv 78 Toventunnelen med tilknytingar, Vefsn og Leirfjord kommunar i Nordland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
• Rv 858 Ryaforbindelsen, Tromsø kommune i Troms (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering).
Med budsjettforslaget for 2009 vil ein ha starta alle større investeringsprosjekt som var planlagt starta i handlingsprogrammet til Statens vegvesen for 2006-2009, med unntak av prosjekt der det manglar planavklaring, med bakgrunn mellom anna i motsegn frå lokale styresmakter.