Statsbudsjettet 2009:
Eigen tiltakspakke for trafikktryggleik – doblar innsatsen til målretta tiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 112/08 | Dato: 07.10.2008
- Regjeringa aukar statlege midlar til trafikktryggleik med 450 millionar kroner. Dei mange tiltaka for å gjere sjølve veganlegga tryggare inngår i ei tiltakspakke som også legg opp til meir effektive trafikkontrollar og strengare sanksjonar mot dei som bryt trafikkreglane fleire gonger. Med denne trafikktryggleikspakka tek regjeringa eit viktig løft for å gjere vegane tryggare, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Regjeringa aukar statlege midlar til trafikktryggleik med 450 millionar kroner. Dei mange tiltaka for å gjere sjølve veganlegga tryggare inngår i ei tiltakspakke som også legg opp til meir effektive trafikkontrollar og strengare sanksjonar mot dei som bryt trafikkreglane fleire gonger. Med denne trafikktryggleikspakka tek regjeringa eit viktig løft for å gjere vegane tryggare, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Målretta innsats for trafikktryggleik på brei front gir resultat. Talet på drepne i vegtrafikken er halvert sidan 1970, sjølv om biltrafikken i same tidsrom er blitt tre gonger høgare. Regjeringa ser alvorleg på den negative utviklinga så langt i 2008, med auke i talet på drepne i vegtrafikken. Med denne sterke og målretta satsinga ønskjer vi å snu denne tendensen, seier samferdselsministeren.
Totalt skal det i 2009 nyttast om lag 1 030 millionar kroner til særskilte investeringstiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar. Av desse er om lag 930 millionar kroner statlege midlar, ein auke på om lag 450 millionar kroner eller 98 prosent frå 2008. Resten av midlane er bompengar. Tiltak mot dei mest alvorlege ulukkene skal prioriterast i 2009, mellom anna gjennom bygging av midtrekkverk, oppsetting av siderekkverk, bruk av sperreområde og anna midtmarkering, veglys, utbetring av kurvar og kryss, og bruk av automatisk trafikkontroll (ATK) for måling av gjennomsnittleg fart også over ei viss strekning. Det er elles lagt opp til ei skjerping i ordninga med prikkbelasting der 6 prikkar mot 8 i dag vil gje inndraging av førarkort. Trafikktryggleikspakka omfattar også tiltak for å sikre at tunge køyretøy er godt nok utrusta for norsk vinterføre.
Til trafikktilsyn er det foreslått å bruke om lag 1,4 milliardar kroner, ein auke på 6,7 prosent frå 2008.
I tillegg til desse tiltaka kjem den trafikksikringsgevinsten ein får ved bygging av nye vegar og gang- og sykkelvegar. Det vert ei auke i tiltak for gåande og syklande på om lag 70 millionar. Det vil neste år bli ferdig i alt 21 større nye vegstrekningar som skal opnast for trafikk. Desse nye vegstrekningane omfattar mellom anna 69 kilometer med firefelts vegar, med fysisk skilje mellom køyreretningane. I tillegg til dette skal det byggjast og setjast i gang bygging av i alt 30 km midtrekkverk på eksisterande vegnett. Tiltaka til saman vil føre til at det på nye 100 kilometer blir eit fysisk skilje mellom køyreretningane.
Over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2009 er det elles sett av 21,4 millionar kroner til Trygg Trafikk, ei auke på 1,9 millionar kroner. Syklistenes Landsforening får i forslaget 1 million kroner, noko som er ei dobling av beløpet frå 2008. I tillegg får organisasjonen ITS Noreg (ITS= intelligente transportsystem) ei auke på 0,2 millionar kroner til 1,2 millionar kroner.