Innfører høgare gebyr for manglande bilbelte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 83/09 | Dato: 12.06.2009
Gebyret for manglande bruk av bilbelte, hjelm og sikring av barn vert auka frå 750 kroner til 1.500 kroner. – Mange er flinke til å bruke bilbelte, men samstundes veit vi at halvparten av dei som døyr i bil på vegane våre ikkje brukar bilbelte, seier samferdselsministar Liv Signe Navarsete, som håpar tiltaket fører til at fleire tek på seg selen.
Bruk av bilbelte er eit av dei viktigaste tiltaka for å gjere det sikrare å ferdast på norske vegar. Bruk av bilbelte reduserer risikoen for å bli drepen med 40- 50 prosent for førar og forsetepassasjer og med om lag 25 prosent for baksetepassasjerar. Tilstandsundersøkingar viser at om lag 10 prosent av dei som køyrer bil vel å ikkje bruke bilbelte.
- For regjeringa er dette talet for høgt. Med ein auke av bilbeltegebyret påverkar vi også den resterande 10 prosenten til å bruke bilbelte, seier samferdselsministeren.
I statsråd i dag er det fastslått endringar i forskrift om gebyr for visse overtredingar av vegtrafikklovgjevinga, slik at gebyret for manglande bruk av bilbelte, hjelm og sikring av barn i køyretøy aukar frå 750 til 1500 kroner. Ut frå omsynet til trafikktryggleik for den enkelte, er det viktig å bruke hjelm og barnesikringsutstyr. Eit auka gebyr vil og gjelde der sjåføren ikkje overheld si plikt til å sjå til at barn under 15 år brukar bilbelte.
Den nye gebyrsatsen trer i kraft frå 1. juli 2009.
Lenkje til: