Statsbudsjettet 2010
Nytt forskingsløft for grøn, klimarobust og trygg samferdsel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 131/09 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa aukar satsinga på forsking og utvikling over budsjettet til Samferdselsdepartementet med 10 prosent, til nær 263 millionar kroner. Auken er aller størst på områda klima og miljø.
Regjeringa aukar satsinga på forsking og utvikling over budsjettet til Samferdselsdepartementet med 10 prosent, til nær 263 millionar kroner. Auken er aller størst på områda klima og miljø.
- Det er ei stor utfordring å få ned klimagassutsleppa frå transport. Difor vil vi styrkje løyvingane til transportforsking, for å utvikle smartare og grønare transportløysingar. Ein vesentleg del av auken går til forskingsprogramma RENERGI og SMARTRANS, som gjev ny kunnskap om korleis vi kan kome nærare eit lågutsleppssamfunn, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Klimaendringane vil gje infrastrukturen større påkjenningar. Det er mellom anna venta ein sterk auke av kraftig nedbør, noko som kan føre til stengde vegar og ras. Vi treng difor også meir kunnskap om kva klimaendringane vil ha å seie for transport og telekommunikasjon, slik at vi kan førebyggje verknadane av meir ekstremvêr. Transporttryggleik og vidareutvikling av elektroniske kommunikasjonstenester over heile landet er også viktige område der vi no aukar forskingsinnsatsen, seier samferdselsministeren.
Regjeringa føreslår følgjande fordeling av forskingsmidlane på nær 263 millionar kroner: 109 millionar kroner til transportforsking, 83 millionar kroner til forsking innan telekommunikasjon, nær 52 millionar kroner til miljøprosjektet Transnova og nær 19 millionar kroner til utgreiingsarbeid innan samferdselssektoren.