Endringar i vegtrafikklova skal bidra til betre trafikktryggleik
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 89/10 | Dato: 29.10.2010
- Vi skal betra trafikktryggleiken og ha nulltoleranse for køyring i narkotikarus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Vi skal betra trafikktryggleiken og ha nulltoleranse for køyring i narkotikarus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Føremålet med lovendringane er å betra trafikktryggleiken og leggja til rette for meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstolar. Lovendringane vil gi betre samsvar i vegtrafikklova mellom reglane om alkoholpåverka køyring og reguleringa av køyring under påverknad av anna rus enn alkohol.
- Køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og omfanget av slik køyring har auka dei siste 10-20 åra, seier samferdselsministeren.
Av dei viktigaste forslaga til lovendringar kan nemnast:
- Innføring av låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av anna rus enn alkohol etter vegtrafikklova. Forslaget er basert på eit nulltoleranseprinsipp.
- Lovheimel for politiet til å utføra førebels hurtigtesting ved trafikkontroll for å avdekkja mogleg påverknad av andre stoff enn alkohol. Positiv test vil måtta fylgjast opp med blodprøve og klinisk lækjarundersøking.
- Innføring av straffeskjerpande utmålingsreglar også for narkotikapåverka køyring og forenkling av straffeutmålingsreglane for alkohol og anna rus.
- Innføring av tap av førarett ved straff for køyring med låg ruspåverknad for personar som har føraretten på prøve - uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller narkotika.
For fleire opplysningar – sjå:
Pressevakta i Samferdselsdepartementet har telefon 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)