Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

11,5 milliardar kroner til jernbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Regjeringa foreslår 11,5 milliardar kroner til jernbaneformål for 2011. Dette er ein auke på 13,4 prosent frå saldert budsjett 2010. – Samanliknar ein med løyvingsnivået i 2005 har jernbanebudsjettet auka med om lag 67 prosent, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Regjeringa foreslår 11,5 milliardar kroner til jernbaneformål for 2011. Dette er ein auke på 13,4 prosent frå saldert budsjett 2010. – Samanliknar ein med løyvingsnivået i 2005 har jernbanebudsjettet auka med om lag 67 prosent, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa foreslår å bruka 4,9 milliardar kroner til drift og vedlikehald. Då er ikkje Gardermobanen medrekna. Dette er ein auke på  536 millionar kroner eller 12,2 prosent frå saldert budsjett 2010. Saman med Oslo-prosjektet vil dette gi positive følgjer for  heile jernbanenettet.

Opninga av nytt dobbeltspor Lysaker – Asker gir  grunnlag for ei monaleg betring av tilbodet i Austlandsområdet. NSB har investert i 50 nye togsett som gradvis skal fasast inn frå årsskiftet 2011/2012. Det nye Flirt-materiellet vil gjera det eksisterande togtilbodet betre, og gi betre driftsstabilitet.

Oslo-prosjektet

Regjeringa foreslår å setja av 557 millionar kroner til langsiktige fornyingstiltak i Oslo-området for 2011, det såkalla Oslo-prosjektet. Prosjektet starta opp i 2008, og inneber  grunnleggande fornying og opprusting av jernbaneinfrastrukturen i Oslo-området.  Jernbaneverket planlegg også å stansa togtrafikken på store delar av strekninga Oslo S – Etterstad, gjennom Oslo-tunnelen, i om lag seks veker neste sommar.  Årsaka er å få gjennomført anleggs- og vedlikehaldsarbeid eller ” ”Prosjekt Stor-Oslo”,  som skal fornya jernbanen gjennom hovudstaden på ein slik måte at det ikkje lagar problem for togtrafikken med mange forseinkingar.

Nytt dobbeltspor Oslo – Ski

Regjeringa foreslår 366,3 millionar kroner til nytt dobbeltspor Oslo – Ski. Løyvinga inkluderer 189 millionar kroner til ombygging av Ski stasjon. Dette skal på sikt leggja til rette for ein ny grunnrutemodell for Austlandet. 186,3 millionar kroner går til vidare planlegging av Follobanen.

Kjøp av persontransport med tog

Det er foreslått 2,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontogtenester i 2011. Dette er ein auke på 472 millionar kroner eller om lag 27 prosent frå saldert budsjett for 2010. I tillegg til å oppretthalda dagens tilbod med NSB AS, omfattar statens kjøp av personstransporttenester transport på Gjøvikbanen, Bratsbergbanen, Ofotbanen og på strekninga Oslo – Karlstad – Stockholm.

Informasjon til dei reisande

Jernbaneverket utforma i 2009 ein omfattande plan for kundeinformasjon. Planen inneheld fleire tiltak for å betra informasjonssystema. I 2011 planlegg ein å bruka om lag 90 millionar kroner til vidareføring av desse aktivitetane.

Andre prosjekt – forslag til løyving for 2011

• Lysaker – Sandvika: 310 millionar kroner.
• Dobbeltspor Sandnes – Stavanger: 25 millionar.
• Ganddal godsterminal: 10 millionar kroner.
• Fjernstyring Mosjøen – Bodø: 20 millionar kroner.
• Gevingåsen tunnel, strekninga Trondheim – Steinkjer: 137 millionar kroner.
• Nytt dobbeltspor mellom Barkåker og Tønsberg på Vestfoldbanen: 580 millionar kroner.
• Holm – Holmestrand – Nykirke: 660 millionar kroner.
•  Eidsvoll – Hamar: 325 millionar kroner til planlegging av Langset - Kleverud.
• Nytt signalsystem – ERTMS. I Nasjonal transportplan 2010–2019 blei ei utbygging av ERTMS på heile jernbanenettet førebels kostnadsrekna til 15 milliardar kroner. I 2011 er om lag 140 millionar kroner foreslått disponert til arbeidet med planlegginga av ERTMS.

Mindre prosjekt – løyving for 2011

• Jensrud kryssingsspor – Gjøvikbanen. Sluttfinansiering.
• Ualand kryssingsspor – Sørlandsbanen. Sluttfinansiering.
•  Nodeland kryssingsspor – Sørlandsbanen. Blir ferdigstilt.
• Bergensbanen CTC (ny fjernstyring). Prosjektet er planlagt å vera ferdig i 2011.
•  Stavanger omformarstasjon. Sluttfinansiering for 2011 der venta sluttkostnad er i tråd med styringsramma på 150 millionar kroner.
•  Programområdet Stasjonar og knutepunkt. 250 millionar kroner. Løyvinga skal etter planen brukast til forlenging av plattform og tiltak knytt til kundeinformasjon, men også til utbetring av stasjonane på Holmlia og Voss.
• Programrådet Tryggleik og miljø. 175 millionar kroner som skal brukast til tiltak for å betra tryggleik og miljø for jernbanen. Dette omfattar tekniske tiltak og barrierar mot menneskelege feil, rassikring, sikring og sanering av jernbaneovergangar.
• Tiltak mot dyrepåkøyring. Det er foreslått sett av 10 millionar kroner til dette. Samferdselsdepartementet vil prioritera samarbeidsprosjekt der lokale styresmakter og/eller grunneigarar også bidreg med midlar.

Fornyingsarbeid i 2011

Dette omfattar i hovudsak førebuing og gjennomføring av ballastreinsing, skinne- og svillebytte, fornying av køyreleidning med meir. Det er sett av følgjande løyvingar for 2011 til fornyingsarbeid på dei einskilde jernbanestrekningane:

• Osloprosjekt utanom Oslo: 54 millionar kroner.
• Dovrebanen: 116 millionar kroner
• Bergensbanen: 95 millionar kroner
• Sørlandsbanen: 57 millionar kroner
• Kongsvingerbanen 55 millionar kroner
• Vestfoldbanen: 12 millionar kroner
• Østfoldbanen: 53 millionar kroner
• Røros- og Solørbanen 25 millionar kroner
• Nordlands- og Meråker 25 millionar kroner
• Ofotbanen 29 millionar kroner
• Fornying i omformaranlegg (fleire strekningar): 31 millionar kroner
• Fornying av teleanlegg (fleire strekningar) 20 millionar kroner
• Fornying av skinnegåande arbeidsmaskiner 140 millionar kroner
• Det vil bli brukt om lag 410 millionar kroner til ulik fornying som er spreidd over heile jernbanenettet.

Andre saker

• Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyva 51,6 millionar kroner i 2011.
• Norsk jernbaneskole inngår i Jernbaneverkets driftsbudsjett. Behova for rekruttering og kompetanseutvikling innan jernbanefaga har auka i takt med aktiviteten i jernbanesektoren sidan 2005. I 2011 skal det etter planen setjast av 52 millionar kroner til drift av Norsk jernbaneskole.
• Til drift av Norsk jernbanemuseum på Hamar er det avsett om lag 15 millionar kroner i 2011.
• I samsvar med utbytepolitikken i staten, er det føreslått å ta ut 53 millionar i utbyte frå NSB AS og 18 millionar kroner frå Bane Service AS.