Historisk arkiv

Fosenhalvøya: Utbetring av fylkesvegar – for 1,7 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vegane på Fosenhalvøya blir tryggare, og det blir lagt til rette for meir effektiv transport både innan Fosen og til og frå Trondheim. Utbetring og omlegging av fylkesvegane vil òg vera med på å styrkja busetnad og næringsliv på Fosen.

- Vegane på Fosenhalvøya blir tryggare, og det blir lagt til rette for meir effektiv transport både innan Fosen og  til og frå Trondheim. Utbetring og omlegging av fylkesvegane vil òg vera med på å styrkja busetnad og næringsliv på Fosen.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag.  

Fosenpakka omfattar tre delpakker fordelt på 17 ulike fylkesvegprosjekt, som lokale styresmakter har sett i prioritert rekkjefølgje. Alle prosjekta ligg på Fosenhalvøya, med unntak av delprosjektet  fylkesveg 710 Ingdal – Valset, som ligg i Agdenes kommune. Fire prosjekt ligg heilt eller delvis i Nord-Trøndelag, resten ligg i Sør-Trøndelag.

Kostnadsoverslaget for prosjekt og tiltak i heile  Fosenpakka er på om lag 1,7 milliardar kroner.  Samla kostnadsoverslag for delpakke 1 og 2 er om lag 1,3 milliardar kroner.

I tråd med vedtak frå lokale styresmakter skal Fosenpakka  finansierast ved ein kombinasjon av fylkeskommunale midlar og bompengar.   

Innkrevjinga av bompengar skal skje i dei to ferjesambanda Brekstad – Valset og Flakk – Rørvik.  I tillegg blir det ein bomstasjon ved fylkesveg 715 ved Krinsvatn, sør for krysset mellom fylkesveg 710 og 715 i Rissa kommune.

I forslaget til bompengeopplegg som det er lokalpolitisk tilslutning til, er det lagt opp til finansiering av prosjekt og tiltak innanfor delpakke 1 og 2. Oppstart av prosjekt innanfor delpakke 3 krev i utgangspunktet ny lokalpolitisk handsaming, slik at fylkeskommunane kan setja av naudsynte fylkeskommunale midlar.

Desse prosjekta er omfatta av  Fosenpakka:

Delpakke 1  (prioritet 1 – 5)

• Fylkesveg 717 Sund – Bradden

• Fylkesveg 715 Vanvikan – Olsøy, fylkesveg 715 Keiseråslia – Olsøy (Kråkmo) og fylkesveg 715 Vanvikbakkene. Ny fylkesveg 715 vil følgja dagens fylkesveg aust for Storevatnet.

• Fylkesveg 710 Ingdal – Valset

• Fylkesveg 715 Rørvik

Delpakke 2 (prioritet 6 – 12)

• Fylkesveg 715 Rørvik – Vanvikan

• Fylkesveg 715 Olsøybakkene

• Fylkesveg 715 Haugsdalen – Rødsjø

• Fylkesveg 715 Rødsjø – Krinsvatn

• Fylkesveg 715 Bru over Krinsvatn

• Fylkesveg 717 Bradden – Stadsbygd – Rørvik

• Fylkesveg Krinsvatn – Årnes


Delpakke 3 (prioritet 13 – 17)

• Fylkesveg 710 Brekstad – Botngård

• Fylkesveg 710 Botngård – Krinsvatn

• Fylkesveg 715 Reppkleiv – Årgård

• Fylkesveg 14 Roan – Reppkleiv

• Fyl.kesveg 193 Verrabotn – Meltingen.

For kartskisse og fleire opplysningar – sjå

Prop. 124 S (2010-2011) Delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør-  og Nord-Trøndelag