Historisk arkiv

Kronikk - Lofast – eit stort steg for Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i høve opninga av Lofast, Lofoten, 1. desember 2007.

Kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Lofast – eit stort steg for Noreg

At  fastlandssambandet Lofast no står ferdig er eit kjempesteg i arbeidet med å byggje Noreg vidare. Sambandet gjer at du no kan køyre til og frå Lofoten utan å måtte ta ferje. Dermed blir turen både kortare, meir effektiv og meir føreseieleg.

Avstanden mellom Gullesfjordbotn og Fiskebøl er korta inn med 32 kilometer, i tillegg til spart fergetid. Totalt sparar du no minst halvannan times reisetid. Næringslivet i Lofoten drar nytte av kortare transporttid til jernbaneterminalen i Narvik, og betre tilknyting til flyplassen på Evenes gir nye moglegheiter for reiselivsnæringa og innbyggjarane i Lofoten.

Enormt prosjekt
Lofast er eit uvanleg stort prosjekt, og det har teke tid. Allereie i 1942 vart dei første skissene laga. Byggearbeidet på del I starta i 1993, og på del II ti år seinare. Totalt har kostnadane vore på totalt 1,7 milliardar kroner. Prosjektet inneheld totalt 51 kilometer veg, og del II åleine består blant anna av ti mindre bruer, to større bruer og fire tunnelar. Det gjer dette til eit av dei største nyinvesteringane i vegprosjekt i moderne tid. Dei involverte har vore mange og har jobba hardt – frå dei som teikna dei første skissene i 1942, til dei som det siste året har jobba seint og tidleg for å få sambandet ferdig. Det har vore strid kring dei ulike alternativa, men eg kjenner meg trygg på at det er ei svært god løysing me no har fått, ei løysing Lofoten og landet elles vil ha glede av i mange år framover.

Ingeniørkunst og naturleg vegetasjon
Lofast har også blitt bygd med edel tankekraft. Det har vore mange år med planlegging og prosjektering på høgt nivå, og no er Lofast blitt eit utstillingsvindauge for det flottaste vi har av ingeniørkunst. Særleg imponerande er det at mykje av arbeidet er gjort i terreng der det ikkje har vore infrastruktur frå før, og i all slags vêr. Prosjektet med naturleg vegetasjon som er gjennomført på den nye delen av Lofast, gjer ein ”grøn statsråd” varm om hjartet. Her har ein lagt det øvste vekstjordlaget til side for så å leggje det tilbake som toppmassar på vegskråningane. Etter kvart skal det vekse til med dei same plantane som finst i omgjevnadane elles. Det er viktig i så naturskjønt kulturlandskap som det her er snakk om!

Auka velferd
Den storslagne Lofot-naturen er noko av det flottaste landet vårt har å by på, og Lofast gjer Lofoten meir tilgjengeleg. Eg kjenner meg trygg på at fastlandssambandet vil føre endå fleire turistar til denne vakre landsdelen - og dermed vere med på å sikre arbeidsplassar og busetnad i regionen. Dessutan vil Lofast gjere kvardagen lettare for lofotværingar på veg til og frå arbeid og fritid. Såleis er Lofast med på å oppfylle det eg meiner er det viktigaste målet for samferdsle i landet, nemleg auka velferd!