Historisk arkiv

Opning av lade- og parkeringsplass for elbilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

7. juni 2010, Aker Brygge, Oslo

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opninga av ny lade- og parkeringsplass for elbilar ved Aker Brygge i Oslo

Kjære alle saman!

Gratulerer så mykje med dagen!

Regjeringa har svært ambisiøse mål for å redusera utsleppa frå transportsektoren. Vi er på veg over i ei ny og betre tid – der målet er at fleire bilar skal gå på reine, fornybare energikjelder og byane våre skal bli mindre belasta med støv og eksos.

Endringar i eingongsavgifta har gjort at nye bilar no slepp ut 20% mindre CO2 enn ein ny bil i 2005. Frå å vere blant dei dårlegaste i klassa, har vi blitt blant dei beste. Denne omlegginga held fram.

Også kollektivtrafikk er viktig. Elektrifisering av bilparken står heilt sentralt. Å få fleire til å byta ut den tradisjonelle bilen med el-bil er viktig for å få ned både klimagassutslepp og lokal ureining.

Noreg er allereie blant dei landa i verda med flest elbilar per innbyggjar. Det er flott!

For at endå fleire skal gå over til el-bil, er det viktig at det er lett å få lada bilen. Heldigvis ligg Noreg langt framme også på det området.

I dag opnar vi verdas største offentlege parkeringsplass med ladestasjonar for el-bilar her i Oslo. Det gjer Oslo kommune til ein føregangsby på området, noko de har all grunn til å vera stolte av! Det er inspirerande å sjå det initiativet og den satsingsvilja kommunen har lagt for dagen.

Eg vil retta ein stor takk til alle involverte for ein særs god jobb!

Det hjelper likevel ikkje med ladestasjonar om ingen veit kvar dei er. Difor vil databasen Nobil bli svært nyttig for alle som køyrer elbil.

Nobil er finansiert av Transnova, som også har støtta utbygginga av dei fleste ladepunkta andre stader i landet. Hittil har Transnova bidratt til 1900 ladepunkt.

Transnova er regjeringas viktigaste verktøy for å få fleire bilar over på alternative drivstoff. Også fritak frå ei rekkje avgifter, gratis parkering og gratis bompengar skal bidra til at el-bilen utgjer ein stadig større del av bilparken.

Ei lita utfordring til bransjen: Det må også bli lettare å få tak i sjølve elbilen! Her har det vore ein flaskehals eg snart håpar er borte.

Igjen: Gratulerer med dagen til alle landets elbileigarar.

Lukke til med bruken av dei nye ladestasjonane og med Nobil!

Takk for meg.