Nasjonaldagsfeiring i Chile
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 18.09.2008
Santiago: Statsminister Jens Stoltenberg er æresgjest når Chile feirar sin nasjonaldag 18. september. I Santiago møter han dessutan president Michelle Bachelet for politiske samtalar. Besøket markerer det stadig tettare samarbeidet mellom Noreg og Chile.
Santiago: Statsminister Jens Stoltenberg er æresgjest når Chile feirar sin nasjonaldag 18. september. I Santiago møter han dessutan president Michelle Bachelet for politiske samtalar. Besøket markerer det stadig tettare samarbeidet mellom Noreg og Chile. – Det er flott å få anledning til å feira Chiles nasjonaldag, seier Stoltenberg.
– Chile er eit viktig land for Noreg, og besøket markerer at det blir stadig tettare band mellom landa våre. Regjeringa er oppteken av å leggja til rette for godt samarbeid både innan næringsliv og energi og for samarbeid på den internasjonale arenaen. Særlig klima og kamp mot fattigdom er viktige tema for det internasjonale samarbeidet med blant anna Chile, seier Stoltenberg.
Statsminister Jens Stoltenberg vart teken imot av president Michelle Bachelet i Santiago. Foto: Scanpix.
Statsministeren besøkjer Chile som ein del av ei større reise i Latin-Amerika. Dei siste dagane har statsministeren vore i Brasil, der han har besøkt Rio de Janeiro, Brasilia og regnskogen i Amazonas.
Besøket i Chile vert avslutta fredag. Då besøkjer Stoltenberg Allende-museet og deltek på ei markering av FNs tusenårsmål.