Auka humanitær bistand til Gaza
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 09.01.2009
Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag den tsjekkiske statsministeren Mirek Topolánek, i samband med at Tsjekkia har overteke formannskapen i EU. Krisa i Midtausten var eit sentralt tema for møtet, og Stoltenberg kunngjorde at Noreg vil auka den humanitære bistanden til Gaza frå 30 til 50 millionar kroner.

– Me ønskjer å yta meir bistand til dei hardt råka sivile i Gaza. Regjeringa løyver difor ytterlegare 20 millionar kroner til medisin, mat og anna akutt hjelp til palestinarane, sa Stoltenberg.
Stoltenberg og Topolánek understreka behovet for ei umiddelbar våpenkvile og behovet for å møta dei store humanitære utfordringane på Gaza. Dei to var også samde om framleis tett kontakt og samarbeid mellom EU-formannskapen og Noreg. Noreg er formann i givarlandsgruppa for bistand til Det palestinske området.
Statsministrane diskuterte også den alvorlege situasjonen som har oppstått i samband med gassleveransane frå Russland til fleire EU-land. Krisa understrekar kor viktig det er med tryggleik rundt energiforsyninga i Europa, og begge statsministrane la vekt på at det er viktig å koma fram til ei løysing raskt, slik at situasjonen for dei involverte landa ikkje blir enda meir alvorleg.
Det tsjekkiske statsministeren reiste spørsmålet om norsk deltaking i observatørgruppa som skal overvaka gasstransporten gjennom Ukraina. Stoltenberg sa at Noreg vil stilla med observatørar, dersom partane ønskjer det.