Møtte Sveits' president
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 15.10.2010
I samband med statsbesøket frå Sveits møtte statsminister Jens Stoltenberg i dag den sveitsiske presidenten Doris Leuthard for samtalar. Dei to diskuterte blant anna handelspolitikk, utviklinga i EU, den internasjonale finanskrisa og klima.
I samband med statsbesøket frå Sveits møtte statsminister Jens Stoltenberg i dag den sveitsiske presidenten Doris Leuthard for samtalar.
Noreg og Sveits samarbeider nært i fleire internasjonale organisasjonar som EFTA og WTO, og handelspolitikk var blant temaa som vart diskutert i dagens møte.
Stoltenberg og Leuthard diskuterte også spørsmål knytt til utviklinga i EU, den internasjonale finanskrisa og klima.
Statsminister Jens Stoltenberg møter i dag Sveits' president Doris Leuthard. Her er dei to på veg til samtalar på Statsministerens kontor. Foto: Statsministerens kontor.