Stoltenberg møtte Barroso og Schulz
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 11.12.2012
Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag president Jose Manuel Barroso i Europakommisjonen og president Martin Schulz i Europaparlamentet.
Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag president Jose Manuel Barroso i Europakommisjonen og president Martin Schulz i Europaparlamentet.
Barroso og Schulz er i Oslo i samband med utdelinga av Nobels fredspris for 2012. Dei tre drøfta Noregs samarbeid med EU, og Stoltenberg framheva kor viktig det er for Noreg med gode kontaktar både til EU-kommisjonen og til EU-parlamentet.
- Noreg og EU deler europeisk historie og geografi, og me har felles, grunnleggjande verdiar knytte til demokrati og rettsstat. Det er såleis naturleg og viktig med eit nært og godt samarbeid mellom Noreg og EU på mange område, seier Stoltenberg.
Stoltenberg, Barroso og Schulz diskuterte også den økonomiske situasjonen i Europa.
- Me støttar EUs arbeid for å fremje europeisk solidaritet og økonomisk vekst. Ei god økonomisk utvikling hjå vår viktigaste handelspartnar er svært viktig for Noreg, seier Stoltenberg.