Ny politisk rådgjevar i FD
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 50/2013 | Dato: 08.04.2013
Statsministerens kontor har frå 8. april 2013 tilsett konsulent Line Tresselt (29), Oslo, som politisk rådgjevar for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Forsvars-departementet. Tresselt tek over etter Atle Ottesen, som slutta i stillinga 1. april.
Statsministerens kontor har frå 8. april 2013 tilsett konsulent Line Tresselt (29), Oslo, som politisk rådgjevar for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Forsvars-departementet. Tresselt tek over etter Atle Ottesen, som slutta i stillinga 1. april.
Line Tresselt kjem frå ei stilling som konsulent i rådgjevingsfirmaet Geelmuyden.Kiese. Ho har tidlegare mellom anna vore kommunikasjonsrådgjevar i Arbeiderpartiet si stortingsgruppe, arbeidd i UNESCO i Noreg og utanlands og vore praktikant i utanrikstenesta. Tresselt har studert statsvitskap og fransk ved universitet i Noreg, Frankrike og Russland.
Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over politiske rådgjevarar ser no slik ut:
For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Sindre Fossum Beyer (Ap)
Tonje Brenna (Ap)
For miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV)
Audun Garberg (SV)
For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Anja Kristin Salte Hjelseth (Sp)
Laila Melkevoll (Sp)
For utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
Kathrine Raadim (Ap)
For justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap)
Elisabeth Helmersen (Ap)
For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Randi Ness (Ap)
For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Torstein Tvedt Solberg (Ap)
For forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
Line Tresselt (Ap)
For helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Astrid Huitfeldt (Ap)
For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Katrine Gramnæs (SV)
For arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Martin Henriksen (Ap)
For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap)
Jon Reidar Øyan (Ap)
For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Tord Dale (Ap)
For samferdselsminister Marit Arnstad (Sp)
Sigrid Brattabø Handegard (Sp)
For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Svein Sundsbø (Sp)
For utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås (SV)
Unni Berge (SV)
For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV)
Kine Sperre Horsbøl (SV)
For landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Anne Marie Aanerud (Sp)
For kulturminister Hadia Tajik (Ap)
Håvard Fossbakken (Ap)