Priv. til red.:
Statsministerens program 22. juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 88/2013 | Dato: 09.07.2013
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på fleire arrangement som markerer toårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya.
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på fleire arrangement som markerer toårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya.
Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på ei minnemarkering i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata). Statsministeren taler og legg ned krans. Arrangementet er ope for publikum.
Det vil bli sett av eit eige område for presse, der det blir lagt til rette for lydtapping. Arrangementet blir også overført på nett-TV.
Etter arrangementet, om lag kl. 10.20, er statsministeren tilgjengeleg for pressa i regjeringskvartalet. Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Kl. 12.00: Minnegudsteneste i Oslo domkyrkje
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på minnegudsteneste i Oslo domkyrkje.
Kontaktperson er prest Per Arne Dahl, telefon 911 21 213 eller e-post: per.dahl@online.no.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland,
telefon 930 51 458.
Kl. 14.00: AUFs minnemarkering
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på AUFs minnemarkering, på Thorbjørn-kaia på landsida av Utøya. Statsministeren taler og legg ned krans.
Arrangementet er ope for presse. Statsministeren vil vera tilgjengeleg for pressefolk om lag kl. 14.20. Det vil ikkje vera mogleg for pressefolk å parkera på området ved kaia.
Kontaktperson i AUF er politisk rådgjevar Trygve Harlem Losnedahl,
telefon 482 03 048.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland,
telefon 930 51 458.
Kl. 15.00: Minnemarkering på Utøya
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på ei minnemarkering på Utøya, der han blant anna legg ned ein krans.
Kontaktperson i Støttegruppa er Beate Vatndal, telefon 414 50 210. Les meir om markeringa av 22. juli på nettsidene til Støttegruppa.
Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for presse. Kontaktperson for statsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.