Noreg vertskap for internasjonalt kontaktgruppemøte for Somalia 30. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 28.04.2008
Noreg er vertskap for eit møte i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia (ICG) 30. april. Dette skjer på eit tidspunkt med oppblussing av valden i Somalia, og med tørke som forverrar den allereie vanskelege humanitære situasjonen i landet.
Noreg er vertskap for eit møte i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia (ICG) 30. april. Dette skjer på eit tidspunkt med oppblussing av valden i Somalia, og med tørke som forverrar den allereie vanskelege humanitære situasjonen i landet.
- Eg er svært uroa over den seinaste valdsbølga i Mogadishu og lidingane dette fører til for ei allereie hardt råka sivilbefolking, seier statssekretær Raymond Johansen i Utanriksdepartementet.
- Den humanitære situasjonen er prekær og det manglande regnet forverrar tilhøva ytterlegare. Samstundes ser vi eit lyspunkt i at både overgangsregjeringa og leiarar for opposisjonen no har sagt ja til direkte samtalar. Det er avgjerande at den politiske dialogen kan omsetjast i betra tilhøve for sivilbefolkinga – både når det gjeld tryggleik og den humanitære situasjonen, seier Johansen.
Kontaktgruppa vil diskutera den politiske prosessen, tryggingssituasjonen og dei humanitære forholda i landet som har vore prega av kaos og borgarkrig i meir enn 17 år. Noreg har saman med USA hatt formannskapet i ICG sidan den vart etablert i 2006. På møtet i Oslo vil formannskapet bli gitt vidare til FN. Noreg vil halda fram sitt sterke engasjement for Somalia, mellom anna som medlem av kontaktgruppa.
- Vi vil gå i bresjen for å støtta opp under FN sitt arbeid i Somalia, seier statssekretær Raymond Johansen. - Situasjonen i landet er svært alvorleg, og det er viktig at det internasjonale samfunnet står samla bak FN.
Noreg vil gje over 250 millionar kroner til Somalia i 2008, tre firedelar av dette humanitær bistand. For å auka merksemda om den humanitære krisa, vil Noreg leia eit møte med sentrale humanitære aktørar dagen før sjølve ICG-møtet.