Regjeringa ettergjev heile den gjelda Gambia har til Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Nr: 056/08 | Dato: 19.05.2008
Regjeringa har gjort vedtak om å slette heilt den gjelda Gambia har til Noreg. Restgjelda er på om lag 13 millionar kroner.
Regjeringa har gjort vedtak om å slette heilt den gjelda Gambia har til Noreg. Restgjelda er på om lag 13 millionar kroner.
Gjeldsslettinga skjer i samband med gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste, mest forgjelda landa – det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries). Dette er ei oppfølging av ei multilateral avtale i Parisklubben frå januar 2008 då Gambia fekk sluttoppgjeret sitt under HIPC-ordninga. Noreg forplikta seg her til å ettergje 100 prosent av den restgjelda Gambia hadde.
I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.
Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, mobil: +47 917 17 459