Regjeringa slettar Liberia si gjeld til Norge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Nr: 119/08 | Dato: 14.11.2008
Regjeringa har vedteke å slette 230 millionar kroner av Liberia si gjeld til Noreg. Dette utgjer 90 prosent av gjelda landet har til Noreg.
Regjeringa har i dag vedteke å slette 230 millionar kroner av Liberia si gjeld til Noreg. Dette utgjer 90 prosent av gjelda landet har til Noreg.
- Eg er svært glad for at vi no slettar nesten heile Liberia si gjeld til Noreg. Det er svært viktig å støtte opp om den positive utviklinga vi har sett sidan president Sirleaf-Johnson vann valet for fire år sidan, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Saman med anna gjeld som vert sletta får Liberia no ei handterbar gjeld. Gjeldsslettinga skjer i samband med gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste, mest forgjelda landa – det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries), og er ei oppfølging av ei multilateral avtale i Parisklubben frå april i år.
- Fattige land som kjem ut av krig og konflikt må få raskare hjelp til å bli kvitt gjeldsbyrda si. Noreg har eit spesielt fokus på desse landa. Landa som ikkje har kvalifisert seg i HIPC, er nesten utelukkande land som nettopp har fått fred. Liberia kan vere eit døme for desse.
I tråd med den norske gjeldsplanen går slettinga av Liberias gjeld ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg. Liberia si attståande gjeld til Noreg vil verte sletta når landet har fullført HIPC-handsaminga si.