Historisk arkiv

Slettar heile Libera si gjeld til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har vedteke å slette all gjeld Liberia har til Noreg. Gjelda er omlag 49 millionar kroner.

Regjeringa har i dag vedteke å slette all gjeld Liberia har til Noreg. Gjelda er omlag 49 millionar kroner.

- Eg er glad for at Liberia frå og med i dag ikkje har attståande gjeld til Noreg, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Noreg har no sletta til saman 422 millioner kroner av Liberia si gjeld. Liberia si totale gjeld var på omlag 27 milliardar kroner i 2007.

- Liberia si gjeld til utlandet blei tatt opp før den lange borgarkrigen starta. Gjelda har vore eit betydeleg hinder for å byggje opp landet igjen. Gjelda har hindra eit normalt tilhøve til det internasjonale samfunn, seier Solheim.

Avtalen vart inngått i kreditorlanda sitt felles forum (Parisklubben). Dei vedtok å gi Liberia gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstynga landa (HIPC-initiativet).

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Les meir om slettinga av Libera si gjeld:

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms).

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 34. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no