Fiskaa ser på utdanning i Tanzania
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 25.11.2010
Statssekretær Ingrid Fiskaa besøkjer Tanzania måndag 29. november 2010. Ho skal følgje opp norsk bistand til utdanning i landet.
Statssekretær Ingrid Fiskaa besøkjer Tanzania måndag 29. november 2010. Ho skal følgje opp norsk bistand til utdanning i landet.
Håvard Tjora, læraren kjend frå tv-serien Blanke ark, er óg med på reisa. Saman skal dei besøkje ein skule i nærleiken av Dar es Salaam. Dei møter elevar og lærarar for å snakke om skulekvardagen i Tanzania. Saman skal dei óg løyse ulike oppgåver i mellom anna matematikk og samarbeid.
Noreg gir tilskot til utdanning i Tanzania og betaler grunnutdanninga for 51.000 barn. Støtta går mellom anna til FN sitt barnefond (Unicef).
Pressekontakt: Fungerande informasjonssjef Trine Jøranli Eskedal, mobil 415 21 639 (med på reisa).
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal være lette å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekster er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 35 . Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.