Historisk arkiv

Noreg tek sterk avstand frå vedtak om byggjing av nye bustader i israelske busetjingar på Vestbreidda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Eg tek sterk avstand frå det israelske vedtaket om å tillate byggjing av fleire hundre nye bustader i dei israelske busetjingane på Vestbreidda, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

– Eg tek sterk avstand frå det israelske vedtaket om å tillate byggjing av fleire hundre nye bustader i dei israelske busetjingane på Vestbreidda, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.  

Israelske styresmakter har nyleg offentleggjort at ein har godkjent byggjing av 400 nye bustader i busetjingane på Vestbreidda.  

– Busetjingane på okkupert land er ulovlege og i strid med folkeretten. Dei er eit alvorleg hinder for ei fredeleg løysing på konflikten mellom Israel og palestinarane og ein av dei mest alvorlege truslane mot ei tostatsløysing, seier utanriksminister Støre.