Regjeringa vedtek endeleg gjeldssletting for Den demokratiske republikken Kongo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.10.2011
Regjeringa har vedteke å slette all gjeld Den demokratiske republikken Kongo (DRC) har til Noreg. Dette utgjer omlag 143 millionar kroner og følgjer opp ei internasjonal semje om gjeldssletting.
Regjeringa har i dag vedteke å slette all gjeld Den demokratiske republikken Kongo (DRC) har til Noreg. Dette utgjer omlag 143 millionar kroner og følgjer opp ei internasjonal semje om gjeldssletting.
Avtalen byggjer på to internasjonale rammeavtalar som vart inngåtte i Parisklubben – det felles forumet for kreditorlanda– i februar og november 2010. Parisklubben vedtok då å gje Kongo gjeldsslette under det internasjonale gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.
I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 42. Det er det same som i ein vanleg avistekst. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.