Historisk arkiv

Noreg og Litauen signerte avtalar om EØS-midlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg og Litauen har signert avtalar om fordelinga av om lag 660 millionar kroner i EØS-midlar. - EØS-midlane bidreg til sosial og økonomisk utjamning i Europa, som også Noreg dreg nytte av, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Noreg og Litauen signerte i dag avtalar om fordelinga av om lag 660 millionar kroner i EØS-midlar. - EØS-midlane bidreg til sosial og økonomisk utjamning i Europa, som også Noreg dreg nytte av, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. 

I samband med at Litauens president Dalia Grybauskaitė er på statsbesøk i Noreg, signerte den litauiske finansministeren Ingrida Šimonytė og justisminister Knut Storberget i dag rammeavtalane for fordeling av EØS-midlar til Litauen i perioden fram til 2014.  

- Vi kan sjå tilbake på mange års godt naboskap med Litauen, som har gjort store økonomiske og politiske framsteg etter at landet vart sjølvstendig i 1991. Med desse avtalane styrkjer vi samarbeidet mellom dei to landa våre på område som er av felles interesse, seier utanriksminister Støre. 

Miljøvern og klimaendring har hovudprioritet i dei nye avtalane om EØS-midlar. Om lag 154 millionar kroner er øyremerkte program som fremjar innovasjon innanfor grøn industri, hav- og vassforvalting og vern av biologisk mangfald og økosystemtenester.            

Justis- og innanrikssaker er den andre store sektoren som vil få tildelt støtte i denne perioden. Noreg bidreg med nesten 150 millionar kroner til arbeid på tre nøkkelområde: kamp mot organisert kriminalitet, kapasitetsbygging innanfor justissektoren og kriminalomsorg, inkludert alternativ soning. 

Det vil òg bli oppretta program til støtte for frivillige organisasjonar, anstendige arbeidsvilkår, helsesektoren, konservering og restaurering av kulturarv, stipend for studentar og utsette barn og ungdomar. Fleire norske institusjonar vil ta del i gjennomføringa av programma i samarbeid med litauiske motpartar.  

- Vi er svært nøgde med å ha signert avtalane, særleg med tanke på at vi i år markerer 20 år sidan dei diplomatiske forbindelsane mellom Litauen og Noreg vart retta opp att, seier Støre.