Historisk arkiv

Regjeringa vedtek endeleg gjeldssletting for Elfenbeinskysten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har vedteke å slette all gjeld Elfenbeinskysten har til Noreg. Dette utgjer omlag 198 millionar kroner.

Regjeringa har i dag vedteke å slette all gjeld Elfenbeinskysten har til Noreg. Dette utgjer omlag 198 millionar kroner.

- I februar i år sletta vi 20 millionar kroner av gjelda Elfenbeinskysten har til Noreg – no slettar vi resten. Landet kan bruke meir av inntektene sine på gjenreising, skuler og helsetenester til befolkninga, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås. 

Avtala byggjer på ein rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – det felles forumet for kreditorlanda – i juni 2012. Parisklubben vedtok då å gje Elfenbeinskysten gjeldssletting under det internasjonale gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.

Gjelda vert sletta utan at bistandsbudsjettet vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)

****

Pressemeldinga på fransk.