Regjeringa vil ratifisere konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.06.2013
Regjeringa vil ratifisere FN-konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme. Formålet med konvensjonen er blant anna å hindre at terrorgrupper får tilgang til kjernefysiske våpen eller materiale.
Regjeringa vil ratifisere FN-konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme. Formålet med konvensjonen er blant anna å hindre at terrorgrupper får tilgang til kjernefysiske våpen eller materiale.
Konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme er særleg viktig på grunn av dei alvorlege konsekvensane slike terrorhandlingar kan få. Konvensjonen har ei viktig rolle i den internasjonale antiterrorinnsatsen og i arbeidet for ikkje-spreiing.
- At atomvåpen skal kome på avvegar og falle i hendene til terroristar, har alltid vore eit skrekkscenario. Konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme gir eit betre og meir komplett rammeverk i kampen mot internasjonal terrorisme, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
FN-konvensjonen pålegg dei landa som sluttar seg til konvensjonen å gjere det straffbart å ha eller å bruke radioaktivt materiale, kjernefysisk materiale eller kjernefysiske innretningar for å utføre terrorhandlingar. Partane skal anten sjølve straffe slike handlingar eller utlevere dei aktuelle personane til andre land som ber om det. Konvensjonen inneber vidare at landa skal fremje samarbeid mellom politi og rettsvesen for å forhindre, etterforske og straffeforfølgje slik kriminalitet.
Regjeringa vedtok i statsråd 14. juni å sende konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme til Stortinget for samtykke til ratifikasjon.
I regi av FN er det utvikla 13 internasjonale konvensjonar som rammar ulike former for terrorhandlingar. Noreg er allereie part i tolv av desse. Den internasjonale konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme vart vedteken i FN 13. april 2005 og opna for underteikning 14. september 2005. Konvensjonen har no 86 partar.