Stortingsmelding om Sametinget si verksemd i 2012 er lagt fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2013
- Sametinget framstår som ein livskraftig institusjon som har stor tydning for utviklinga av samisk språk, kultur og samfunnsliv, seier statsråd Rigmor Aasrud i samband med at stortingsmelding om Sametinget si verksemd i 2012 blir lagt fram i dag.

- Som sameminister vil eg særleg trekke fram Sametinget si rolle som dialogpartner i utforminga av samepolitikken. Konsultasjonsprosedyrane mellom Sametinget og statlege styresmakter er eit av dei viktigaste verktya vi har for å få til ein aktiv og målretta samepolitikk, seier Aasrud.
I stortingsmeldinga om Sametinget siverksemd i 2012, blir det gitt korte omtalar av nokre av dei sakene som Sametinget har vore opptatt av i si årsmelding. I meldinga blir mellom anna Sametinget si rolle som regional utviklingsaktør framheva. Gjennom sine verkemiddelordningar bidrar Sametinget til vekst og utvikling i Nord-Noreg.
Sametinget si årsmelding for 2012 følger som vedlegg til stortingsmeldinga.