Etterbetaling av kompensasjon for bortfall av automatinntekter til Norges Blindeforbund og Norsk Folkehjelp
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 59/2010 | Dato: 17.09.2010
I statsråd fredag vart det bestemt at Norges Blindeforbund får etterbetalt 2,9 millionar kroner og Norsk Folkehjelp 664 000 kroner i kompensasjon for at dei ikkje lenger har løyve til å stille opp gevinstautomatar.

Stortinget vedtok i 2003 forbod mot gevinstautomatar. For å kompensere for noko av inntektsbortfallet vart det bestemt at delar av speleoverskotet til Norsk Tipping skulle gå til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som hadde automatinntekter.
Norges Blindeforbund og Norsk Folkehjelp har dokumentert at dei fekk for låg kompensasjon i 2008 fordi nokre automatinntekter ikkje var tekne med i grunnlaget for kompensasjonsutrekninga. Dei to organisasjonane vil difor få etterbetalt kompensasjon for året 2008.
Den samla potten for kompensasjon for tapte automatinntekter var på 332 millionar kroner i 2008.
Utbetalinga vil skje før 1.oktober 2010.