Roy Kristiansen skal leie nyoppretta avdeling i Kulturdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 07/10 | Dato: 12.02.2010
Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen (60) skal leie Kulturvernavdelinga i Kulturdepartmentet som er nyoppretta frå 1. januar 2010.
Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen (60) skal leie Kulturvernavdelinga i Kulturdepartmentet som er nyoppretta frå 1. januar 2010.
Kristiansen har fungert i stillinga som ekspedisjonssjef i Kulturvernavdelinga sidan januar i år.
Roy Kristiansen har vore ekspedisjonssjef frå 2001 til 2009 i Kultur- og kyrkjedepartementet med ansvar for mediesaker. Han har arbeidd med kringkastingssaker og mediepolitikk i departementet sidan byrjinga på 1980-talet.