Statsbudsjettet 2013:
Auke på nær 115 millionar kroner til scenekunst
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 87/12 | Dato: 08.10.2012
Regjeringa foreslår ein samla auke på 114,9 millionar kroner til scenekunstformål. I budsjettframlegget for 2013 er samla løyving til scenekunst nær 1,9 milliardar kroner.
Regjeringa foreslår ein samla auke på 114,9 millionar kroner til scenekunstformål. I budsjettframlegget for 2013 er samla løyving til scenekunst nær 1,9 milliardar kroner.
Ei samla auke på 16,1 millionar kroner går til dei nasjonale teatra Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. 1,5 millionar av auken på 7 millionar kroner til Nationaltheatret, går til kostnader knytt til utgreiing av bygg.
Region- og landsdelsteatra får ein auke på 22,7 millionar kroner.
Løyvinga til Den Norske Opera & Ballett aukar med 48,5 millionar kroner. 25 millionar kroner er øyremerkt styrking av økonomien i selskapet.
Andre faste tiltak får ein auke på 11,6 millionar kroner. Dette gjeld mellom anna:
- 7,5 millionar kroner til Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet IKS (Agder Teater, OperaSør og Kristiansand Symfoniorkester) til drift og styrkt aktivitet. 0,5 millionar kroner er øyremerkte til Kristiansand Solistensemble.
- 2,1 millionar kroner til Hålogaland Teater. 700 000 kroner er knytt til grunnlovsjubileet.
- 2,6 millionar kroner til Rogaland Teater. 1 million kroner skal dekkje ny rømmingsveg for Intimscenen.
- 2,2 millionar kroner til Teatret Vårt. 1 million kroner går til auka produksjon og 450 000 kroner til auka driftskostnader i nye lokale. Det er i tillegg løyvd totalt 2,3 millionar kroner til husleige i nye lokale.
- 3 millionar kroner til Trøndelag Teater. 1 million kroner går til rehabilitering av Gamle Scene.
- 900 000 kroner til husleige for Teater Innlandet i nye lokale i Hamar kulturhus.
- 700 000 kroner til Østfold Teater.
- 300 000 kroner til Dramatikken Hus, knytt til grunnlovsjubileet.
Ein auke på 4,8 millionar kroner går til region- og distriktsopera:
- 500 000 kroner til å styrkje den kunstnarlege verksemda i OscarsborgOperaen.
- 3 millionar kroner til Bergen Nasjonale Opera. 700 000 kroner er knytt til grunnlovsjubileet.
- 800 000 kroner til Operaen i Kristiansund.
Ordningar for scenekunst i Norsk kulturråd får ein auke på 6,2 millionar kroner.
5 millionar av desse går til dans. Dermed er den totale auken til dansefeltet neste år på 12 millionar kroner. Auken går mellom anna til:
- fem nye dansarar ved Nasjonalballetten
- 2,5 millionar kroner til heilårsdrift av Skodespelar- og dansaralliansen frå 2013
- 1,4 millionar kroner til turnéverksemda i Carte Blanche
- 1 million kroner til Dansens hus