Utgreiinga om medieeigarskap
Ekspertutval foreslår endringar i reguleringa av medieeigarskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 29/12 | Dato: 24.04.2012
Ei ekspertgruppe foreslår endringar i medieeigarskapslova for å tilpasse regelverket til ein mediekvardag i stadig endring. Utgreiinga vil danne grunnlag for arbeidet med eit lovforslag frå Kulturdepartementet.
Ei ekspertgruppe foreslår endringar i medieeigarskapslova for å tilpasse regelverket til ein mediekvardag i stadig endring. Utgreiinga vil danne grunnlag for arbeidet med eit lovforslag frå Kulturdepartementet.
- Regjeringa meiner det er riktig å ha ei lov om medieeigarskap for å sikre mangfaldet i norske media. Eg er òg einig med ekspertgruppa når dei føreslår å behalde grensa for nasjonalt eigarskap, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.
Hovudpunkta i forslaga frå ekspertgruppa:
- Medieeigarskapslova blir endra slik at elektroniske medium vert integrerte og rekna med i tradisjonelle marknader.
- Nytt system for marknadsavgrensing: Marknadene blir ikkje førehandsdefinerte i lova som i dag.
- Delvis vidareføring av gjeldande eigarskapsgrenser på nasjonalt nivå. Det blir etablert ein nedre terskel for inngrep.
- Regulering på regionalt nivå vil etter framlegget halda fram, men blir endra i tråd med nytt system for marknadsavgrensing. Dei regionale eigarskapsgrensene blir fastsette i forskrift, og ikkje i lova som i dag.
- Vertikal integrasjon blir ikkje foreslått regulert i medieeigarskapslova.
Medlemmer i ekspertgruppa har vore advokat Mona Søyland, Simonsen Advokatfirma (leiar), professor Øystein Foros, NHH og professor Tanja Storsul, UiO.
Utgreiinga frå ekspertgruppa