Historisk arkiv

Utval skal vurdere samordning av lov om forbod mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har i dag oppnemnt eit utval som skal vurdere samordning av lov om forbod mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout.

Kulturdepartementet har i dag oppnemnt eit utval som skal vurdere samordning av lov om forbod mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout.

- Eg har lytta til idretten i denne saka, seier kulturminister Hadia Tajik.
- No vil eg avvente konklusjonen frå utvalet. Når den ligg føre, vil eg vurdere om det er grunnlag for å fremje forslag om lovendringar for Stortinget, seier kulturminister Tajik.

Kulturdepartementet har avventa eit innspel frå Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité og endeleg vedtak om regelendringar frå Det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA). Idrettsstyret har foreslått overfor Kulturdepartementet å oppheve lov om forbod mot profesjonell boksing. Idrettstyret meiner profesjonell boksing bør regulerast i lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout.

Utvalet skal leiast av advokat Kristin Veierød. Utvalet skal i hovudsak vurdere om det er mogeleg og konsekvensane av det å gjennomføre vedtaket i Idrettsstyret. Innstillinga frå utvalet skal leverast til Kulturdepartementet innan 1. mars 2013.   

Medlemmer i utvalet

Leiar:

  • Advokat Kristin Veierød (Advokatfirmaet Hjort DA) 

Andre medlemmer:

  • Advokat Henriette Hillestad Thune (Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité)
  • Advokat Niels R. Kiær (Godkjenningsnemnda for organisert kampaktivitet som tillèt knockout)
  • Advokat Åsmund Berge (Kulturdepartementet)

Utvalet sitt mandat

Utvalet skal vurdere om det er mogeleg å samordne lov om forbud mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout. Utvalet skal også vurdere konsekvensane og om det er hensiktsmessig å samordne lovene. 

Dersom Det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA) vedtek regelendringar for amatørboksing, vil mandatet bli utvida til også å omfatte ei vurdering av kva konsekvensar dette kan få for norsk amatørboksing og for endringar i norsk lov- og regelverk på området.