Historisk arkiv

Prosjektmidlar for å rekruttere fleire eldre til frivillig arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet lyser ut 2,4 millionar kroner i prosjektmidlar for å bidra til å rekruttere og stimulere eldre til å halde fram med frivillig arbeid. Frivillige organisasjonar og frivilligsentralar kan søkje på midlane.

Kulturdepartementet lyser ut 2,4 millionar kroner i prosjektmidlar for å bidra til å rekruttere og stimulere eldre til å halde fram med frivillig arbeid. Frivillige organisasjonar og frivilligsentralar kan søkje på midlane.

Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013.
Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013. Frå venstre: Sidsel Kvikstad, Jeanine Brenna, Sunniva Sved Johnsen, Hadia Tajik, Gudmund Fosse. (Foto: KUD/Ketil Frøland)

- Våre eldre frivillige er ein formue som vi må forvalte godt – og få til å vekse, seier kulturminister Hadia Tajik.

- Seniorane deltar mest i frivillig arbeid. Vi treng fleire seniorar – og vi treng at neste generasjon pensjonistar følgjer i dette sporet. Vi treng denne gruppa som frivillige til å møte veksten i talet på eldre. Og ikkje minst er det nyttig for borna å ha kontakt med fleire vaksne med tid og erfaringar, seier kulturminister Tajik.

- Pensjonistar meiner i større grad enn resten av folket at det er positivt å bli kontakta av frivillige organisasjonar. Dei ønskjer å støtte arbeidet og er interessert i oppgåver der dei får brukt kompetansen og erfaringane sine. Den ressursen ønskjer vi å ta i bruk.

Søknadsfristen er 1. august.


Lenkje til utlysinga 

Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013.Frå venstre: kulturminister Hadia Tajik, nestleiar i Landslaget for offentlige pensjonister Turid Frimo,  rådgivar i Kirkens Bymisjon Gudmund Fosse,  Tone Bye, Pensjonistforbundet, Ellen Rynning Tønnesen, Seniorsaken,  Rolf Nyhus, Skiforeningen.
Frå samråd med eldreorganisasjon på St.Hanshaugen Frivillighetssentral 27. mai 2013. Frå venstre: kulturminister Hadia Tajik, nestleiar i Landslaget for offentlige pensjonister Turid Frimo, rådgivar i Kirkens Bymisjon Gudmund Fosse, Tone Bye, Pensjonistforbundet, Ellen Rynning Tønnesen, Seniorsaken, Rolf Nyhus, Skiforeningen. (Foto: KUD/Ketil Frøland)