Historisk arkiv

10 millionar kroner til nytt pilotprosjekt for eksport av norske dataspel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I dag vert pilotprosjektet Spill ut i verden lansert. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt og Innovasjon Norge. Programmet skal støtte norske dataspelverksemder som har internasjonale ambisjonar og vekstpotensial med kunnskap og kapital.

Torsdag innleidde kulturminister Widvey og næringsminister Mæland under det første møtet i Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring.

Gruppebilde fra første møte i Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring.
Første møte i Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring. Fra venstre: Erik Brataas, Anne Gaathaug, Kai Robøle, Fredrik Sundt Breien, Anita Krohn Traaseth, Tor Jonasson, Monica Mæland, Rolf Assev, Thorhild Widvey, Stine Helén Pettersen, Elisabeth Sjaastad, Bente Sollid Storehaug, Erlend Mogård-Larsen, Anne-Britt Gran og Kim Daniel Arthur. Peter Aalbæk Jensen var tilstede, men var ikke med på bildet. Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet

- Kultur er ei vekstnæring, norsk kunst og kultur styrker den norske konkurransekrafta på verdsmarknaden, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Kulturdepartementet og Innovasjon Norge bidrar med fem millionar kroner kvar til eit nytt pilotprosjekt for eksport av norske dataspel. Det er fyrste gong Innovasjon Norge får eit oppdrag frå Kulturdepartementet, seier næringsminister Monica Mæland. 

- Dataspel er ein bransje i vekst, der vi no får til eit tettare næringsretta samarbeid mellom Kulturdepartementet, Filminstituttet og Innovasjon Norge. - Spill ut i verden skal etter planen lanserast i 2016. Målet er auka omsetning og eksport, seier kulturminister Widvey.

Gruppebilde med næringsminister Monica Mæland, direktør for Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth og kulturminister Thorhild Widvey.
Næringsminister Monica Mæland, direktør for Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth og kulturminister Thorhild Widvey. Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet

Globalisering og digitalisering fører til enklare tilgang til nye marknader, kundar og leverandørar. Likevel er eksporten liten for dei norske kulturelle og krative bransjane. Spill ut i verden har eit stort potensiale, seier direktør for Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.

Innovasjon Norge skal utforme innhaldet i pilotprogrammet i samråd med Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt og bransjen.

 

Bildene kan lastes ned fra Kulturdepartementets Flickr-side