Revidert nasjonalbudsjett:
25 millionar kroner ekstra til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 44/15 | Dato: 12.05.2015
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til kompensasjon av meirverdiavgift for bygging av idrettsanlegg med 25 millionar kroner. Med dette forslaget kjem den totale løyvinga til momskompensasjon opp i 125 millionar kroner. Denne regjeringa har dermed meir enn dobla tilgjengeleg ramme i ordninga, som var på 55,8 millionar kroner i førre regjerings framlegg til budsjett for 2014.
![Gruppebilde hvor de holder i en fotball sammen. Med på bildet er kulturminister Thorhild Widvey, stortingsrepresentant Mette Tønder (H), generalsekretær i NIF Inge Andersen, stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP), stortingsrepresentant Terje Breivik (V), stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold (KrF).](/contentassets/eba7202bfb0a44ac805630f5de71ae2b/momskompensasjon-idrettsanlegg.jpg?preset=article&v=1699555209)
- Momskompensasjonsordninga lettar finansieringa av anleggsinvesteringar. Ekstraløyvinga på 25 millionar kroner er difor særs viktig for den lokale, frivillige idretten rundt om i landet, seier kulturminister Thorhild Widvey. - Ordninga er populær og det er gledeleg å registrere den auka interessa blant idrettslaga til å bygge anlegg, seier kulturminister Widvey.
Sidan ordninga vart innført i 2010 har idrettslag og foreiningar mottatt 277 millionar kroner i kompensasjon, regjeringa har ei rekke gonger auka løyvingane til ordninga i handsaminga av budsjetta for 2014 og 2015.