Modernisering av pliktavleveringslova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 34/15 | Dato: 17.04.2015
Regjeringa gjer framlegg om endringar i pliktavleveringslova, som skal sikre at den digitale kulturarven blir samla inn og tatt vare på for ettertida.
Lenkje til framlegget om endringar i pliktavleveringslova
- Det er viktig at vi som nasjon tar vare på historia vår. Dei tankane og ideane som tidlegare vart skrivne ned på papir fortel oss i dag om korleis litteraturen, samfunnet og ordskiftet har utvikla seg. I dag har vi både bøker, aviser og samfunnsdebattar i digital form, publisert på internett. Vi må sikre at også dette materialet blir tatt vare på for forskarar, både no og i framtida, seier kulturminister Thorhild Widvey.
- Denne lova har vi venta lenge på. Nettet i alle sine former er kanskje det i samtida vår som formar oss mest. Men nettet er dynamisk, innhaldet endrar seg fort, og det finst ikkje fullverdige arkiv som kan fortelje oss korleis verda såg ut sett frå det norske nettet i for eksempel 2012. Med denne lovendringa kan Nasjonalbiblioteket sikre at det aldri blir sånn igjen. Når lova trer i kraft kan vi fryse tida, ikkje berre for det som er sagt og skrive eller publisert i skrift, lyd og bilete, men også det som er publisert på nett, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.
Pliktavleveringslova skal sikre at alt materiale som er gjort allment tilgjengeleg, uavhengig av format, også skal bli avlevert til Nasjonalbiblioteket. Føremålet med pliktavleveringslova er å ta vare på materialet for ettertida slik at det kan bli nytta som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. Dette er vår kulturarv og del av vårt felles minne.
Endringsframlegget klargjer at også digitale dokument på internett er omfatta av avleveringsplikta. Endringa inneber for det første at Nasjonalbiblioteket får rett til automatisk innsamling av norsk materiale som er tilgjengeleg for alle på internett.
Vidare er det gjort framlegg om å gje Nasjonalbiblioteket rett til å krevje avlevering av det digitale grunnlagsmaterialet i tillegg til utgjevingsformatet. Det vil seie at eit forlag må levere ei digital fil i tillegg til ei papirbok. Dette blir føreslått for å unngå at Nasjonalbiblioteket i etterkant må digitalisere det som allereie finst i digital form.