Regjeringa moderniserer pliktavleveringslova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 60/15 | Dato: 10.06.2015
Stortinget vedtok den 9. juni endringar i pliktavleveringslova, som skal sikre at den digitale kulturarven blir samla inn og tatt vare på for ettertida.
- Det er viktig at vi som nasjon tar vare på historia vår. Dei tankane og ideane som tidlegare vart skrivne ned på papir fortel oss i dag om korleis litteraturen, samfunnet og ordskiftet har utvikla seg. I dag har vi både bøker, aviser og samfunnsdebattar i digital form, publisert på internett. Vi må sikre at også dette materialet blir tatt vare på for forskarar både no og i framtida, seier kulturminister Thorhild Widvey.
Pliktavleveringslova skal sikre at alt materiale som er gjort allment tilgjengeleg, uavhengig av format, også skal bli avlevert til Nasjonalbiblioteket. Føremålet med pliktavleveringslova er å ta vare på materialet for ettertida slik at det kan bli nytta som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. Dette er vår kulturarv og del av vårt felles minne.
Lovendringa klargjer at også digitale dokument på internett er omfatta av avleveringsplikta. Endringa inneber for det første at Nasjonalbiblioteket får rett til automatisk innsamling av norsk materiale som er tilgjengeleg for alle på internett.
Vidare har Nasjonalbiblioteket fått ein rett til å krevje avlevering av det digitale grunnlagsmaterialet i tillegg til utgjevingsformatet. Det vil seie at eit forlag må levere ei digital fil i tillegg til ei papirbok. Dette er for å unngå at Nasjonalbiblioteket i etterkant må digitalisere det som allereie finst i digital form.
Arbeidet med revisjon av føresegnene er igangsett og lova vil tre i kraft når nye føresegner vert vedtekne.