Historisk satsing på idrettsaktivitet i heile landet:
684 millionar til Norges idrettsforbund i 2017
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 112/16 | Dato: 09.12.2016
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) er i statsråd i dag tildelt 684 millionar kroner frå spelemidla til idrettsformål for 2017. Dette er ein auke på 24 millionar kroner frå 2016.
- Oversendelsesbrev fra Kulturdepartementet til NIF (.pdf)
- Tilskuddsbrev fra Kulturdepartementet til NIF (.pdf)
- Tildelinga for neste år er ei historisk satsing på idrettsaktivitet. Folk skal ha eit godt idrettstilbod der dei bur. I tildelinga for neste år er det difor dei aktivitetsretta postane som blir prioriterte. Samstundes reduserer vi tilskotet til sentralleddet i NIF med fem millionar kroner neste år, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Aktivitetsmidla til barn, ungdom og breidde blir styrka med 8 millionar kroner. Denne auken er 3 millionar kroner større enn det Norges idrettsforbund ba om i sin søknad.
- Det er viktig å ta vare både på dei som ønskjer å satse på konkurranseidrett og dei som primært ønskjer eit trenings- og aktivitetstilbod. Difor styrkjer vi aktivitetsmidla til barn, ungdom og breidde med 8 millionar kroner, seier Helleland.
Grunnstøtta til særforbund blir styrka med 11 millionar kroner. Tilskotet skal gje betre rammevilkår for eit godt og variert idrettstilbod til barn og ungdom i idrettslaga.
Satsinga på toppidrett blir auka med 10 millionar kroner samanlikna med 2016. Tilskotet skal bidra til vidareutvikling av ei sterk og samla norsk toppidrettssatsing. Etikk og haldningsskapande antidopingarbeid skal prioriterast.
Grunnstøtta til NIF sentralt blir redusert med 5 millionar kroner.
- Tilskotet til sentralleddet i NIF har auka mykje dei siste åra, samstundes som dei har fått auka overføring på grunn av momskompensasjon. Det er difor grunnlag for å auke beløpet til aktivitet og redusere beløpet til idrettsbyråkrati. Vi varslar óg at eit kutt med om lag same storleik på denne posten vil bli gjort for 2018. Vi meiner at NIF har potensial til å effektivisere drifta si, og at dei vil greie å utføre dei prioriterte arbeidsoppgåvene sine også med ei redusert ramme, seier Helleland.
I tildelingsbrevet stiller Kulturdepartementet tydelege krav om at NIF skal vere meir opne og ha betre styresett. Frå 1. januar 2017 må NIF gje tredjepart innsyn i rekneskap for sentralleddet. Statsråden oppmodar NIF til å gje innsyn også bakover i tid.
Tilskotssbrevet for 2017 fokuserer óg på godt styresett, haldningsskapande antidopingarbeid og arbeidet med å få fleire kvinnelege leiarar i idretten.