NRK - Teknologinøytral medieavgift
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 127/16 | Dato: 16.12.2016
- Folk sine medievanar er i rask endring. Særleg dei unge vel bort fjernsynsapparatet til fordel for til dømes pc og nettbrett. Det inneber at det er naudsynt å tenke nytt også når det gjeld finansieringa av NRK, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Kulturministeren legg i dag fram stortingsmeldinga "Eit moderne og framtidsretta NRK – finansiering og innhaldsplikter". Meldinga tar mellom anna for seg korleis NRK skal finansierast i framtida.
- NRK er ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane vi har, og sikrar eit godt medietilbod til alle delar av befolkninga. NRK er eit gode som har stor verdi for samfunnet, og difor bør NRK fortsatt finansierast av fellesskapet. Ingen veit korleis mediebruken vil utvikle seg, men regjeringa vil sikre at finansieringa av NRK er god og stabil også i framtida. For å få til dette meiner vi det er rett med ei teknologinøytral finansiering av NRK, seier Hofstad Helleland.
Departementet erstattar dagens lisens, og arbeider vidare med ein modell for å finansiere NRK gjennom ei øyremerkt medieavgift som ikkje er knytt til bestemte apparat slik lisensen er i dag. Ein legg til grunn at den øyremerkte medieavgifta kan krevjast inn anten som ei husstandsavgift, slik Rimmeridutvalet peika på, eller som ein øyremerkt skatt per person.
- Det er viktig at den øyremerka medieavgifta har ein god sosial profil og opplevast rettferdig av befolkninga. Difor utgreier vi i tillegg til ei husstandsavgift også to ulike skattemodellar, der til dømes kan ta omsyn til dei med lågast inntekt, seier kulturministeren.
Når modellane er utgreidde, vil dei bli vurdert opp mot ei ordning med ordinær finansiering over statsbudsjettet.
- Når regjeringa legg fram ei tilråding om framtidig finansiering av NRK, vil ein leggje vekt på låge administrative kostnader, lite byråkrati, stabil finansiering, sjølvstende for NRK og at ordninga ikkje gir urimelege fordelingsmessige utslag, seier kulturminister Hofstad Helleland.
Meir om konklusjonane i stortingsmeldinga "Eit moderne og framtidsretta NRK"