Statsbudsjett 2019:
Satsing på samisk kultur og litteratur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 78/18 | Dato: 08.10.2018
Regjeringa foreslår 2 millionar kroner for å etablere ei ny ordning i Norsk kulturfond, for omsetjing av samisk litteratur til norsk og auke formidlinga av samisk litteratur.
– Vi ønskjer å bidra til at samisk litteratur kan bli formidla til alle i Norge. Samisk litteratur er ein viktig del av vår felles kulturarv, og å gjere denne tilgjengeleg for eit breiare publikum kan bidra til at vi som ikkje har samisk som vårt mål kan bli betre kjend med samisk kultur, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Sametinget har ansvaret for den samiske litteraturen og at bøker på samisk blir spreidde. Målet med tilskotet er at Kulturrådet skal ta eit større ansvar for at samisk litteratur blir synleg og tilgjengeleg for alle. Ved omsetjing av samisk litteratur til norsk kan desse titlane òg bli vurderte for Kulturrådet sine innkjøpsordningar og dra nytte av støtteordningane til NORLA, på like fot med den norskspråklege litteraturen.
Regjeringa foreslår å auke satsinga på samisk film med 0,6 millionar kroner, til eit tilskot på totalt 5,76 millionar kroner til Internasjonalt Samisk Filminstitutt.
Regjeringa gjer framlegg om startløyving på 6 millionar kroner til Saemien Sijte i 2019 over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjettkapittel 2445 Statsbygg, post 31 Igangsetting av ordinære prosjekter. (Sjå eiga pressemelding om prosjektet)