CO2-lager i Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 30.06.2017
Gassnova har i dag tildelt kontrakt for konseptstudier og forprosjektering av CO2-lager til Statoil ASA.
- CO2-handtering er ein viktig del av regjeringa sin klimapolitikk. Med denne tildelinga er vi eit steg nærare å kunne lagre CO2 på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.
-Regjeringa la fram sin strategi for arbeidet med CO2-handtering i budsjettet for 2015. Vi bygger stein på stein og følgjer industriell praksis i utviklinga av fullskalaprosjektet. Med dagens tildeling følgjer vi opp planen vi la i strategien, seier Søviknes.
Moglegheitsstudiene frå juli 2016 viser at ein kjede med CO2-fangst, -transport og -lagring er teknisk mogleg i Norge. I det vidare arbeidet skal prosjektet bli planlagt og studert i større detalj og med meir nøyaktige kostnadsestimat. Konseptstudiene og forprosjektering dannar saman eit grunnlag for å fatte investeringsavgjerd i prosjektet som er planlagt våren 2019.
OED vil arbeide for at det i løpet av planleggingsfasen vert etablert ei gruppe av selskap som kan samarbeide om utvikling av eit CO₂-lager. Statoil har lagt fram planar for korleis eit slikt samarbeid kan etablerast. Dette vil bidra til at fleire nyt godt av erfaringane og kunnskapen som kjem ut av prosjektet.
Gassnova har tidlegare i år tildelt kontraktar for konseptstudier av CO2-fangst til Klemetsrudanlegget i Oslo, Norcem i Brevik og Yara i Porsgrunn. Gassco har tildelt kontrakter for konseptstudier for skipstransport til Larvik Shipping og Brevik Engineering. Med dagens tildeling er studiekontraktar for alle delane av fullskalaprosjektet tildelt.