Historisk arkiv

Endringar i regjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa.

Nett-tv Utvidelse av regjeringen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her


Utviklingsminister Nikolai Astrup er utnemnd til digitaliseringsminister.

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde er utnemnd til samfunnssikkerheitsminister.

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad er utnemnd til barne- og familieminister.

Stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad er utnemnd til landbruks- og matminister.

Tidlegare finansbyråd Dag-Inge Ulstein er utnemnd til utviklingsminister.

Samstundes har Kongen i statsråd gitt barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og landbruks- og matminister Bård André Hoksrud avskil i nåde.

Endringane gjeld frå i dag kl. 14.00.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Finansminister
Siv Jensen (FrP)

Kultur- og likestillingsminister
Trine Skei Grande (V)

Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H)

Samferdselsminister
Jon Georg Dale (FrP)

Kommunal- og moderniseringsminister
Monica Mæland (H)

Helseminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Næringsminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Arbeids- og sosialminister
Anniken Hauglie (H)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Eldre- og folkehelseminister
Åse Michaelsen (FrP)

Klima- og miljøminister
Ola Elvestuen (V)

Digitaliseringsminister
Nikolai Astrup (H) 

Forskings- og høgare utdanningsminister
Iselin Nybø (V)

Justis- og innvandringsminister
Tor Mikkel Wara (FrP)

Fiskeriminister
Harald Tom Nesvik (FrP)

Olje- og energiminister
Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Samfunnssikkerheitsminister
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)

Utviklingsminister
Dag-Inge Ulstein (KrF)

Barne- og familieminister
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)