Utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg frå 1. april 2022
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 175/21 | Dato: 30.09.2021
- Dei regionale flyrutene er ein viktig del av vårt samferdselstilbod. Dette gjeld spesielt i Nord-Noreg, der transportavstandane er store. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg vil regjeringa sikre eit godt tilbod til flypassasjerane dei neste to åra, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut ein ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg. Tilbodsfristen for flyselskapa er 30. november 2021.
For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å operere med eit tilfredsstillande rutetilbod, kjøper staten flytransport etter ein konkurranse blant flyselskapa, ofte kalla FOT-ruter (Forpliktingar til offentleg tenesteyting). Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av eit eller fleir ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav til drifta av flyrutene. Dette omfattar krav som setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.
Samferdselsdepartementet inngår som hovudregel kontrakt med flyselskapet som tilbyr å drive ei flyrute til den lågaste kostnaden for staten.
Ny konkurranse om flyruter i Nord-Noreg
Alle ruteområda i inneverande avtale for Nord-Noreg er vidareført i denne utlysinga. Den inkluderer i tillegg rutene Harstad/Narvik–Bodø, Stokmarknes–Bodø og Stokmarknes–Tromsø som seinare er tatt inn i kjøpsordninga.
Konkurransen omfattar følgjande ruteområde i perioden 1. april 2022 – 31. mars 2024:
- Ruter mellomKirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta.
- Hasvik–Tromsø v.v., Hasvik–Hammerfest v.v. og Sørkjosen–Tromsø v.v.
- Lakselv–Tromsø v.v.
- Andenes–Bodø v.v., Andenes–Tromsø v.v.
- Harstad/Narvik–Tromsø v.v., Harstad/Narvik–Bodø v.v.
- Stokmarknes–Bodø v.v., Stokmarknes–Tromsø v.v.
- Svolvær–Bodø v.v.
- Leknes–Bodø v.v.
- Røst–Bodø v.v.
- Brønnøysund–Bodø, Brønnøysund–Trondheim v.v.
- Sandnessjøen–Bodø, Sandnessjøen–Trondheim v.v.
- Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim v.v.
- Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim v.v.
- Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim v.v.
Forkorta avtaleperiode
Reglane for flyrutekjøp opnar for ei avtaleperiode på inntil fem år i Nord-Noreg. Pandemien har midlertidig ført med seg ein uføreseieleg situasjon for flyselskapa, og Stortinget si omgjering av avgjerda om å overføre ansvaret for flyrutekjøp til fylkeskommunen har medført ei seinare utlysing enn normalt. Avtaleperioden i denne utlysinga er difor sett til to år. Det er i tillegg lagt til rette for å gjera endringar i kontrakten undervegs i avtaleperioden om eit nytt politisk fleirtal ønskjer det.
- Moglegheitene for å kombinere fleire ruteområde er utforma med tanke på å leggje til rette for konkurranse og samstundes hente ut stordriftsfordelar som kan gi staten lågare kostnader, seier Hareide. I tillegg er krava til rutedrifta utforma for å gi flyselskapa gode moglegheiter for kostnadseffektiv drift og marknadstilpassing.
Reduksjon i krava til setekapasitet grunna pandemien
Trafikkprognosane viser at det vil ta tid før etterspørselen tek seg opp til nivået før pandemien. Krava til setekapasitet er difor satt ned med om lag 7,5 prosent på alle ruter unntatt ruteområde 1 (Finnmark) der fallet i etterspørselen er lågare. Den usikre trafikksituasjonen er også ei viktig årsak til den relativt korte avtaleperioden.
Meir informasjon om konkurranse finner du her.