Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Koronapandemien skapar nye behov og fører til fleire endringar i bistandsbudsjettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Nye behov har oppstått under koronakrisa. Det er sannsynleg at fattige land med svake helsesystem og store, sårbare folkegrupper vil bli hardast ramma. For å redusere dei helsemessige, sosiale og økonomiske følgjene av pandemien var Noreg tidleg på banen med initiativ og tiltak som kan redde liv og minske dei negative konsekvensane av pandemien.

Samstundes er fleire tiltak og program som Noreg støtta svært forseinka, og andre har stoppa heilt opp. Difor vil regjeringa gjere framlegg om fleire endringar i bistandsbudsjettet i samband med revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa foreslår også auka fleksibilitet på fleire postar.

Sjølv om mykje pengar og merksemd no blir retta mot å handtere koronapandemien, blir dei viktigaste innsatsane i utviklingspolitikken ført vidare – slik som utdanning, klima, mattryggleik.

Nye behov

Bistandsramma er i framlegget uendra jamført med statsbudsjettet for 2020, som vart vedtatt i desember 2020. Innsats i samband med koronapandemien skal finansierast ved å flytte midlar mellom budsjettpostar frå tiltak som kan og må utsetjast, ved omprioriteringar innanfor budsjettpostar og ved lågare anslag for flyktningutgifter i Noreg.

Helse

Koronasituasjonen gjer det naudsynt å styrkje innsatsen for global helse. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 541 millionar kroner, til totalt 4,152 milliardar kroner i 2020. Det er store behov innanfor smittevern, testing, behandling, betring av sanitære tilhøve, førebygging av smitte og reduksjon av svolt og underernæring som følgje av pandemien.

Humanitær bistand

Menneske som allereie er ramma av krise og konflikt får det endå vanskelegare under pandemien. Difor foreslår regjeringa å løyve ytterlegare 38,2 millionar kroner til humanitær innsats i 2020. Løyvinga kjem i tillegg til eit humanitært budsjett som alt er rekordhøgt, på vel 5,5 milliardar kroner for 2020. Støtta skal medverke til at humanitære aktørar kan møte direkte behov, til dømes tilgang på mat, vatn, husly og utdanning.

Afrika

Landa i Afrika land står overfor store utfordringar i handteringa av koronapandemien. For dei mest sårbare landa kjem koronapandemien på toppen av andre alvorlege utfordringar som konflikt, klimaendringar og matvaretryggleik. Regjeringa foreslår difor å auke innsatsen i Afrika sør for Sahara med 30 millionar kroner. Regjeringa vil samstundes setje av sju millionar kroner ekstra til stabiliseringstiltak i Sudan. Landet er midt i ein avgjerande, men skjør reform- og fredsprosess etter revolusjonen våren 2019. I tillegg vil 150 millionar kroner av auken til global helse gå til prioriterte land, mellom anna til Malawi, Mosambik, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.

IMFs katastrofefond

Regjeringa foreslår å gje 180 millionar kroner til katastrofefondet til Det internasjonale pengefondet (IMF). Fondet dekkjer dei faste gjeldsforpliktingane som dei fattigaste landa har til IMF. Når fondet får ekstra midlar, kan dei fattigaste landa frigjere midlar til å handtere konsekvensane av pandemien.

Verdsbanken

Verdsbanken var raskt ute med å frigje store midlar til kampen mot covid-19. Regjeringa gjer framlegg om å auke det norske kjernebidraget til IDA – Verdsbankens utviklingsfond for dei 76 fattigaste landa i verda – med 102 millionar kroner. Bidraget skal finansiere helseinnsats som følgje av koronapandemien. Auken kjem i tillegg til det norske bidraget til gjevarlandspåfyllinga for perioden 2020–22 og skal omprioriterast frå Det internasjonale finansieringsinstituttet (IFC) og strategisk samarbeid med utviklingsbankar og fond.

Meir fleksibilitet til sivilt samfunn

Dei norske organisasjonane og lokale partnarar i utviklingsland kan spele ein viktig rolle med å hjelpe dei som treng det aller mest. UD og Norad er allereie samde om å gjere vilkåra for sivilsamfunnet meir fleksible som følgje av koronakrisa. Regjeringa har også inngått store, nye avtaler med dei seks største norske humanitære hjelpeorganisasjonane. Avtalene vil gje organisasjonane meir fleksibilitet til å raskt handtere kriser.

Mindre aktivitet

Regjeringa foreslår at løyvingar under fleire budsjettpostar kan nyttast til å finansiere tiltak som motverkar dei kortsiktige og langsiktige konsekvensane av koronapandemien. Regjeringa foreslår også auka fleksibilitet på fleire postar. Omdisponeringane er naudsynte for å sikre rask oppfølging der det trengst, og når det trengst. Dette er mogleg å gjere fordi aktivitetsnivået i fleire prosjekt har stoppa opp eller er mindre enn forventa på grunn av koronapandemien.

Det er mindre aktivitet og framdrift i fleire tiltak innan utdanning som Noreg støttar. For å møte behov som oppstår under pandemien, foreslår regjeringa å redusere løyvinga til utdanning i utviklingsland med totalt 165 millionar kroner. Regjeringa gjer difor framlegg om å redusere støtta til Norhed-programmet med 50 millionar kroner og støtta til Norpart-programmet med 15 millionar kroner. I tillegg planlegg regjeringa å utsetje ei utbetaling til Den globale partnarskapen for utdanning (GPE) til neste år. På grunn av forseinkingar, vil det også kome reduksjonar i andre tiltak. For å møte nye behov som oppstår under pandemien, foreslår regjeringa at budsjettløyvinga for utdanning og kan finansiere helserelaterte tiltak som fremjar retten til utdanning.

Regjeringa styrket klimabistanden i statsbudsjettet gjennom ei særskilt satsing på klimatilpasning og mattryggleik. Nokon av dei landa som har gjort aller minst for å bidra til klimaproblemene, er samstundes dei som blir ramma hardast av klimaendringane. Parisavtalen la til grunn at det bør være ein balanse mellom innsatsen for å redusere utslipp og det å bidra til at dei landa som er hardast råka av klimaendringane kan tilpasse seg endringane. I dette arbeidet står klimasmart matproduksjon og styrka mattryggleik sentralt. Regjeringas satsing på klimatilpasning held fram med uforminska styrke også i den ekstraordinære situasjonen koronapandemien skapar.

På grunn av utfordringar med å gjennomføre prosjekt og starte opp nye prosjekt i ein situasjon med nedstengde samfunn og strenge reiserestriksjonar gjer regjeringa framlegg om å redusere løyvinga til fornybar energi og næringsutvikling  med tilsaman 240 millionar kroner, samt at satsinga på hav blir redusert med 135 millionar kroner.

Regjeringa foreslår også å redusere løyvinga til Kunnskapsbanken og fagleg samarbeid med 200 millionar kroner i 2020. Dette er mogleg på grunn forseinkingar i fleire  program og ved å forskyve utbetalingar og nye avtalar.

På grunn av reiserestriksjonar og mindre aktivitet foreslår regjeringa å redusere støtta til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) med 59,5 millionar kroner.

Visse utgifter i samband med  opphald for flyktningar i Noreg og re-integrering av flyktningar i heimlandet kan klassifiserast som bistand på bistandsbudsjettet. Nye overslag viser lågare utgifter på dette området i 2020. Regjeringa gjer framlegg om å redusere denne budsjettposten med 143,2 millionar kroner, og om at desse pengane kan nyttast til andre tiltak på bistandsbudsjettet.