Historisk arkiv

Colombia: Våpenkvile mellom regjeringa og ELN-geriljaen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Den colombianske regjeringa og ELN-geriljaen vart i dag samde om ei mellombels bilateral våpenkvile. - Eg vil gratulere den colombianske regjeringa og ELN-geriljaen med ei viktig våpenkvile. Dette viser at begge partar har eit reelt ynskje om å finne felles løysingar på den langvarige konflikten. Håpet er at dette vil vere det første steget fram mot ei varig våpenkvile og ein endeleg fredsavtale, seier utanriksminister Børge Brende.

Våpenkvila trer i kraft 1. oktober og varer fram til 9. januar 2018. Fredsforhandlingane mellom ELN-geriljaen og den colombianske regjeringa starta i Quito i februar etter fleire år med konfidensielle samtalar. Noreg har same rolle i denne prosessen som i fredsforhandlingane med Farc-geriljaen, som førte fram til ein endeleg fredsavtale i november i fjor. Dei andre garantistlanda i forhandlingane er Brasil, Chile, Cuba, Ecuador og Venezuela.

Begge partar hadde som mål å kome fram til ei mellombels bilateral våpenkvile i løpet av denne forhandlingsrunden. Partane har jobba hardt for å få avtalen ferdig til pave Frans sitt besøk til Colombia denne veka. Ein slik avtale vil vere særskilt viktig for sivilbefolkninga i dei konfliktråka områda.

 - For å få til ein berekraftig fred i Colombia er ein fredsavtale med ELN-geriljaen heilt naudsynt. Denne våpenkvilen er eit viktig steg mot det målet. Farc har lagt ned våpna og har blitt eit politisk parti, i tråd med fredsavtalen. For Noreg er det ei politisk prioritering å støtte opp om både fredsforhandlingane med ELN og gjennomføringa av fredsavtalen med Farc. Så dette er òg ein god dag for oss, seier utanriksministeren.

****