Revidert nasjonalbudsjett
Noreg løyver ytterlegare 38,2 millionar kroner til humanitær innsats i 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.05.2020
Humanitær bistand skal redde liv og lindra naud for menneske som lever i ein humanitær krisesituasjon. Koronapandemien gjer situasjonen til menneske som allereie er sårbare enda meir krevjande. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke det humanitære budsjettet med 38,2 millionar kroner for å møte dei ekstraordinære utfordringane som følgjer av koronapandemien.
Løyvinga kjem i tillegg til eit humanitært budsjett som alt er rekordhøgt, på vel 5,5 milliardar kroner for 2020. Støtta skal sikre at den humanitære innsatsen på viktige område ikkje stoppar opp. Humanitære organisasjonar opplever no store utfordringar i mange land med å få tilgang til dei som har behov for vern og humanitær hjelp. Stengde grenser og utfordringar med transport av varer og personell fører også til auka kostnader for dei humanitære aktørane.
- Vi veit at koronapandemien gjer ein vanskeleg situasjon endå verre for menneske som er ramma av krise og konflikt. Støtta skal medverke til at humanitære aktørar kan møte direkte behov, til dømes tilgang på mat, vatn, husly og utdanning. Målgruppene er flyktningar, internt fordrivne og andre som lever i ein svært sårbar situasjon, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
Den auka løyvinga vil i hovudsak gå til Verdas matvareprograms (WFP) internasjonale humanitære logistikkoperasjon.
- Den jobben som Verdas matvareprogram (WFP) gjer med å transportere humanitært personell, medisinar og naudhjelpsutstyr i og mellom land, og å setje opp feltsjukehus for helsepersonell og humanitære arbeidarar, er heilt avgjerande for at humanitære aktørar kan bli verande og syrgje for vern og assistanse der behova er størst. Denne delen av responsen er enno sterkt underfinansiert trass i at den er heilt sentral for innsatsen til alle dei humanitære organisasjonane, seier utanriksministeren.