Revidert nasjonalbudsjett
Auka innsats i Afrika sør for Sahara
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.05.2020
- Det som har vært ei krise i vårt land, kan bli ein katastrofe i utviklingsland. Styresmaktene i afrikanske land står overfor store utfordringar i handteringa av koronapandemien. I denne situasjonen vil vi bidra ekstra til å styrke desse landa sine helsesystem og til å hjelpe menneske i ein sårbar situasjon, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.
Regjeringa ynskjer å auke støtta over regionløyvinga til Afrika sør for Sahara med 30 millionar kroner. Støtta vil gå til dei partnarlanda Noreg har i utviklingssamarbeidet, og dessutan til Madagaskar og Den demokratiske republikken Kongo.
I tillegg vil 150 millionar kroner av løyvinga til global helse gå til prioriterte land, mellom anna til Malawi, Mosambik, Nepal, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.
For å styrke dei fattigaste landas håndtering av krisa foreslår regjeringa å gje 180 millionar kroner til Det internasjonale pengefondet (IMF) sitt katastrofefond, i tilegg til 102 millionar kroner som skal gå til Verdsbanken sitt fond for dei aller fattigaste landa. Ein stor del av desse midla vil gå til landa i Afrika sør for Sahara.
Tidleg innføring av tiltak for å redusere smittespreiing verkar å gje positive resultat, sjølv om det er for tidleg å seie noko endeleg om korleis utviklinga vil gå vidare. Den negative økonomiske effekten av pandemien er alt synleg på område som turisme, råvareprisar, investeringar, handel og økonomiske overføringar frå diaspora. For dei mest sårbare landa kjem koronapandemien på toppen av andre alvorlege utfordringar, til dømes konflikt og matvaretryggleik.
- Økonomisk nedgang og dramatiske kutt i inntekt råkar svært mange som allereie har lite, spesielt i urbane og tett folkesette område. Krisa kan føre til alvorlege tilbakeslag for dei resultata som er oppnådde, og gjere det vanskelegare å nå berekraftmåla. Det er viktig at vi medverkar til at utviklingslanda kan handtere koronapandemien på kort sikt, og at vi på lang sikt medverkar til velfungerande samfunn med berekraftig vekst og robuste helsevesen, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.